- Eg høyrte ikkje fløyta, så eg fortsette å spele. Eg såg tidleg at han kom til å gi meg mitt andre gule kort. Meir enn det vil eg i grunnen ikkje seie, men det er sjølvsagt bittert. Eg har aldri tidlegare fått raudt kort, seier Joachim Magnussen til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Spelte vidare

88 minutt var spelt då fekk han sitt andre gule kort for dagen. Berre dommar Christian Moen veit kvifor. Han takka nei til å snakke med pressa etter kampen.

Moen hadde blåst frispark til Mjøndalen, men det hadde ikkje Magnussen fått med seg, så han tok med seg ballen oppover venstresida. Det var altså ikkje snakk om å skyte vekk ballen eller anna usportsleg åtferd.

- Latterleg

- Eg orkar ikkje å kommentere det raude kortet. Dommaren var vel på nivå med oss, sa trenar Lars Arne Nilsen.

Sonen Sivert omtala kortet som ”latterleg”, og var heller ikkje einig i det første gule kortet Magnussen fekk etter 30 minutt.

- Fair duell

- Det var ein fair duell der vi var om lag like gode. Men dommaren meinte nok at eg nytta olbogen, sa Magnussen sjølv.

Men dømt er dømt, og bortekampen mot Elverum neste søndag går utan den 25 år gamle fosnavågaren.

Kampreferat