Januartala frå NAV viser at Ulstein kommune no har ei arbeidsløyse på 6,1 prosent. I Hareid er arbeidsløysa på 6,3 prosent, noko som er høgst i fylket.

Hanne Notøy frå Ulstein Arbeidarparti reknar med at dei reelle tala er høgare på grunn av rapporteringsmåten NAV nyttar. Arbeidsledige på arbeidsløysetal blir ikkje rekne inn i statistikken. Det er fint at dei har noko å gå til, men dei er jo framleis arbeidsledige, minner Notøy om.

Ho har sendt inn spørsmål til Spørjetimen til kommunestyremøtet i kveld, 16. februar 2017.

- Sjølv om ein ser at kontrakter blir inngått i verftsnæringa, er det noko opp og fram før ein vil sjå nedgang for permitterte der. Når vidare Rolls-Royce har sendt ut tilbod om sluttpakke for sine tilsette er det grunn til bekymring. NAV melder også om at ungdomsløysa er stigande, noko som også er særs bekymringsfullt, skriv ho.

Desse spørsmåla vil ho at ordføraren svarer på:

• Har kommuna jevnleg kontakt med næringslivet og god oversikt over situasjonen i kommuna?

• Gjere kommuna noko aktivt for å hjelpe dei råka bedriftene som må seie opp eller permittere sine tilsette? Tenker då på kontakt inn mot styresmaktene for hjelpetiltak.

• Har Ulstein kommune pr januar 2017, 2 lærlingar pr.1.000 innbyggar, slik KS anbefalar?

• Er det mogleg at Ulstein kommune kan tenke kreativt, når ein ser at ungdomsledigheita aukar, å ta inn fleire lærlingar, ikkje berre i dei tradisjonelle kommunale-faga som barne-og ungdomsarbeidar og helsefagarbeidar for kontraktsinngåelse hausten 2017?

• Ulstein kommune er pr i dag gode på å gi ungdomar lærekontrakt, men kan me ta mål av oss å bli best i fylket i kommunalsektor?

Hanne Notøy har også forfatta ein interpellasjon om norske sjøfolk som ho håpar ho får gjennomslag for i Ulstein kommunestyre.