- Ein kar eg prata med fortalde meg at skipet skeiva mykje på veg ut frå Ulsteinvik, og at det kunne gått på både to og tre skjer før det gjekk på Skeidskråka, fortel Lindor Skeide til Vikebladet Vestposten.

Les også: Skip på grunn utanfor Skeide

Han var ein av mange som såg redningsskøyta RS "Emmy Dyvi" prøve å drage Nor Lines sitt 120 meter lange lasteskip M/S Kvitbjørn av skjeret Skeidskråka i morgontimane søndag.

- Eg fekk vite om det når eg var ved Lisjevatnet. Eg sprang ned igjen for å sjå det med eigne auger, fortel Skeide.

Etter det folk på staden kjende til, var skipet i Ulsteinvik på verkstadopphald, men kva som blei gjort veit ein ikkje. Ein veit heller ikkje per no kva som er grunnen til grunnstøytinga.