Hovedredningssentralen er varsla, og politiet har fått vite om situasjonen, fortel Sunnmøre politidistrikt. Lastebåten har truleg truffe eit skjer som blir kalla for Skeidskråka.

- Det einaste vi veit no er at båten er 120 meter lang og 20 meter brei, og at den har gått på grunn utanfor Skeide. Redningsskøyta Emma Dyvi er bedt om å assistere, men vi veit ikkje enno korleis ein skal få skipet av skjeret. Det viktigaste no er å få det fulle bildet på situasjonen, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang til Vikebladet Vestposten.

Sjå video: Her prøver redningsskøyta å drage M/S Kvitbjørn av skjæret

Ifølgje selskapet som driftar båten, Nor Lines, blei skipet døypt 16. april i år, og er Nor Lines sitt nye flaggskip. Det er i følgje selskapet verdas mest miljøvenlege skip. Gudmor då skipet blei døypt var Innovasjon Norge-direktør Anita Krohn Traaseth.

- M/S Kvitbjørn er det første av to nye naturgassdrivne godsskip som skal erstatte eldre tonnasje i fast rute mellom Nord-Europa og Norgeskysten til Nord-Norge. Skipstypen har allereie vunne fleire prestisjefulle prisar både for sitt nyskapande design og for sitt bidrag til klimavenleg logistikk, sa administrerende direktør i NorLines, Tor Arne Borge, like før dåpen.