Det var ikkje berre Karsten Warholm av dei lokale som deltok i elitestemnet i Florø laurdag. Også Ådne Andersen (20) frå Hareid IL var med. Og han leverte ein svært sterk 800-meter med femteplass i sitt heat.

Tida 1.54.02 var personleg rekord med solid margin. Den gamle persen var på 1.55.31.

Den gode tida betyr at Andersen er kvalifisert til senior-NM etter sommaren.

- Eg sprang i eit solid heat med blant anna Henrik Ingebrigtsen (EM-vinnar i 2012) og nokre frå Afrika. Eg låg godt i feltet til det var igjen 200 meter. Så vart det litt for tøft på slutten. Men eg er veldig godt nøgd med tida, som skal forbetrast ytterlegare utover sesongen, seier Ådne Andersen til Vikebladet Vestposten.

Neste helg deltek 20-årigen i Tyrvingleikane. Vidare skal han på eit elitestemne i Göteborg. Og det blir sikkert også fleire stemne før junior-NM og senior-NM.