Knut Kleiven er leiar i Ulstein Høgre. Han sit i både levekårsutvalet og kommunestyret.

Han likar dårleg at det blir brukt ord som tvangsflytting i saka om omsorgsbustader.

– Det er ikkje berre Venstre som synest at tvangsflytting er ein dårleg ide. Difor har det vore ein prosess initiert av kommunen som har pågått om lag eit år for å vere ein saumlaus overgang til nytt husvære for dei det gjeld, seier Kleiven.

Han viser til at eksisterande husvære ikkje stettar moderne byggeforskrifter og at dei vart funne for dyre å renovere.

Les også: - Eg har flytta nok

Gode og nøkterne

Dei nye leilegheitene er gode, med normal standard, men likevel nøkternt bygd. Dei er også langt sikrare å bu i.

– Me har ikkje bygd for kongar og prinsesser og berre for dei som har mykje å rutte med. Å byggje omsorgsbustader er ein vedteken politikk i Ulstein gjennom mange år i motsetnad til andre løysingar. Det er diverre dyrt.

Vil ikkje gjere forskjell

Høgremannen har ikkje sansen for forslaget frå Venstre om å handsame bebuarane i Vikebakkvegen og Prost Ankersgate individuelt med tanke på husleigekostnader etter vurdering i lag med føresette/verge.

Kleiven seier han ikkje vil forskjellsbehandle ulike gruppe menneske utifrå ein påstand om at desse har ulik betalingsevne.

Kleiven ville ikkje vere med på at levekårsutvalet skulle vedta ei potensiell ekstrarekning dei ikkje visst storleiken på. Budsjettet skal opp til behandling snart og før det kjem det sikkert føringar for kommuneøkonomien i statsbudsjettet som blir lagt fram 8. oktober for 2015.

Ta det opp seinare

– Ulstein Høgre deler bekymringa for prisnivået og den prosessen kan vere vanskeleg for mange. Difor meinte me at kommunestyret på eit seinare tidspunkt skal vurdere om me skal subsidiere husleiga i ein avgrensa periode. Det kling ikkje like godt i vedtaksform, men det var best å vente slik me visste meir om dei økonomiske rammene framover, forklarer Kleiven som meiner Høgre i lag med Ap og Frp på det viset ser litt lenger fram i tid.

Ikkje lange avstanden frå gamle til nye omsorgsbustader. Foto: Ingvild Aursøy Måseide