- No får vi ta den lange vegen. Eg er nøgd med at vi kom på tredjeplass i Adeccoligaen. Det betyr ny heimekamp dersom vi vinn onsdag, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til Vikebladet Vestposten.

- Føltest veldig feil

Men det var mykje anna Nilsen var lite nøgd med. Etter 53 minutt trudde dei fleste at Espen Standal hadde sendt Hødd opp 2-0 etter ein stuss frå Joachim Magnussen. Målet vart annullert, og Lars Arne Nilsen sendt på tribunen grunna protestar.

- For meg såg det ut som eit klart mål. Eg protesterte nok litt for mykje etterpå, og det vart "kompensert" ved å sende meg på tribunen, forklarer Nilsen.

- Vart de vekkdømte?

- Det vil eg ikkje ha ei meining om. Det får dei som ikkje er inhabile ha. Men mykje av det som skjedde her føltest veldig feil, seier Hødd-trenaren.

- Skulle hatt straffe

Ei anna hending som verka noko merkeleg var då Espen Standal ikkje fekk straffespark etter å ha blitt heldt i trøya.

- Eg skulle hatt straffe på stillinga 2-1. Og med 2-2 hadde det blitt ein heilt annan kamp, seier Standal.

- Slo feil ut

Som sende Hødd opp i leiinga allereie etter åtte minutt. Jonas Ingebrigtsen la flott inn frå høgre. Ørstingen stupte ballen presist i lengste hjørne. Hødd hadde også fleire gode sjansar før pause, mellom anna ved Standal igjen, men stillinga halvvegs var 0-1. Hødd hadde fram til då spelt svært solid bakover. Og sidan stillinga i Bærum var 0-0 låg Hødd på direkte opprykk med éin omgang igjen å spele.

Men i 2. omgang gjekk alt gale. Då speakeren opplyste at Stabæk hadde tatt leiinga mot Bodø/Glimt etter 60 minutt såg det ut som Hødd vart stressa. Og berre to minutt seinare utlikna Mjøndalen. Hødd klarte aldri å følgje opp den gode 1. omgangen og fekk både eitt og to til i sekken før kampslutt.

- Vi skapte nok sjansar i 2. omgang til å ta dette. Men ting gjekk ikkje vår veg i dag. At vi flytta opp mykje folk på slutten slo ikkje positivt ut. Vi tok store sjansar, noko som slo feil ut, oppsummerer Lars Arne Nilsen.

- Tøft akkurat no

Men sesongen er langt frå over. Det kan bli både éin, to eller fire kvalifiseringskampar utover november. Men klarer Hødd å riste av seg den store skuffelsen kjapt nok?

- Det er sjølvsagt veldig tøft akkurat no. Men vi skal nok klare å kome over dette til vi skal ha trening og møte måndag, seier Hødd-kapteinen Jesper Törnqvist.

PS. Joachim Magnussen forstod ikkje kvifor det vart blåst frispark imot han då "alle" trudde Espen Standal hadde sendt Hødd opp i 2-0.

- Heilt latterleg. Eg forstod ingenting. Eg gjekk jo heilt reint inn i duellen. Men vi skal ta revansje mot dette laget på onsdag, seier Magnussen til Vikebladet Vestposten.

Kampreferat

Bilete frå 1. omgang

Bilete før kampen