Det var Joar Ødegård som filma hendinga med sitt dashbordkamera. Førre torsdag blei videoen lagt ut på sosiale media, og sidan har den blitt spreidd vidare. I skrivande stund har videoen blitt sett nesten 4.000 gonger på YouTube.

Kunne nesten ikkje tru det

Ødegård kunne nesten ikkje tru det han hadde filma med dashbordkameraet sitt, og var raskt ute med å kontakte far til skuleborna.

- Faren sette stor pris på tilbakemeldinga, og spurde om han kunne få nytte videoen mot Ulstein kommune og Statens vegvesen for å poengtere kva slags risiko borna er utsette for, seier Joar Ødegård.

- Eg har sjølv køyrt lokal- og langtransport i mange år sjølv, og eg også har gjort feilvurderingar, men det er slikt som dette som aldri skal skje. Eg har også snakka med sjåføren i ettertid, og han har lagt seg langflat etter hendinga, seier Ødegård.

Les også: - Statens vegvesen og kommunen held oss for narr (FOR ABONNENTAR).

Les også: - Ikkje ein forsvarleg situasjon (FOR ABONNENTAR).

Bileigaren er Graving og Transport AS, ved dagleg leiar Svein-Arne Bigset. Bileigaren tek fullstendig avstand frå manøveren ein ser i videoen. Intervju med bileigaren kan du lese i ei eiga sak.

Vikebladet Vestposten har fått samtykke både frå fotografen og bileigaren til å nytte videoen på våre nettsider.

Som ein ser på denne skjermdumpen er lastebilen berre nokre centimeter frå å kome bort i ein bil i motgåande køyrefelt etter at den så vidt klarte å svinge forbi skuleborna. Både sjåføren og firmaet som eig bilen har beklaga seg til faren til skuleborna, og begge partar ønskjer no at videoen kan bidra til at det blir gjort noko med situasjonen på denne vegstrekninga. Foto: Skjermdump/Joar Ødegård.