Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet meiner at administrasjonen, Høgre og Arbeidarpartiet bør tenkje seg godt om før Ulstein kommune går vidare med Arena Ulstein. Eit ja til Arena Ulstein er det same som å seie nei til andre viktige oppgåver, eller ja til eigedomsskatt.

Den 24. april skal den vidare skjebna til Arena Ulstein avgjerast i kommunestyret. Arena Ulstein er den største einskild-investeringa i Ulstein kommune si historie. FRP, V, KRF og SP viser til at det olje-drivne næringslivet er på veg inn i ei nedgangs-periode. Dette, saman med andre uføresette ting,  vil få konsekvensar for kommuneøkonomien i Ulstein på kort sikt, og vil mest truleg føre til at ein ikkje lenger har dekning for dei budsjettrammene ein har lagt inn i budsjett og økonomiplanen.

Optimistisk budsjettering

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan innheldt mellom anna framlegg om innføring av eigedomsskatt samt auka avdrag (nedbetaling) på gjeld for å kunne møte den auka risikoen ei høg lånegjeld medfører for kommunen. Samstundes la administrasjonen heller ikkje inn veksttilskot i perioden. Eit samrøystes kommunestyre gjekk imot eigedomsskatt og finansierte dette ved å gå vekk frå auka nedbetaling av gjeld, samt leggje inn veksstilskot. Kommunestyret gjekk også samrøystes inn for å setje av 300 tusen til leirskule for 2015.

Mindretalet beståande av partia Frp, Venstre, Krf og Sp gjekk i tillegg inn for å ta Arena Ulstein ut av budsjettet og i staden nytte innsparinga dette ville gje til å styrke øvrig tenesteproduksjon spesielt i skulen og omsorgstenestene.

Alvoret har senka seg

Dei fire partia viser til at det i desember 2014, då dei vedtok budsjettet, framleis var ein viss optimisme, sjølv om ein alt på det tidspunktet såg at oljeprisen var kraftig på veg ned. Næringslivet i regionen har gått på høggir siste åra, og dei fleste pilar har peika i rett retning for Ulstein-samfunnet. Men på nyåret har alvoret senka seg, og ein ser at nedgangen i oljeprisen ser ut til å vare ved. Oljeselskapa har varsla store kostnadskutt og ein opplever no at offshorereiarane som er den lokale katalysatoren vel å leggje båtane i opplag og at ingen lenger snakkar om store kontraheringar, men om konsolidering. Dette gjev igjen konsekvensar for verfta og utstyrsprodusentane som i større grad må slite for å kjempe om dei få kontraktene som framleis er i marknaden.

Fleire lokale verksemder har varsla eller gjennomført nedbemanningar.

Mindretalskonstellasjonen syner også til at den store folkeveksten i Ulstein kommune har vore sysselsettingsdrive. Det er i all hovudsak utanlandsk arbeidskraft som har ført til folkeauke. Der ser det difor truleg at folkeveksten vil avta, no som det blir mindre aktivitet i industrien. Difor trur det ikkje kommunen vil få veksttilskot, heller miste innskatteinntekter og rammetilskot.

Dei viser også til dei auke utgiftene til barnehage på fem millionar for 2015. Kva kommunen må etterbetale for 2012 og 2013 er framleis uvisst.

Lånegjelda til Ulstein kommune er for tida om lag 1,3 milliardar.

Dyrare Arena Ulstein

Arena Ulstein har no kome opp i ein samla kostnad på 268 millionar kroner, det er 40 millionar meir enn sist vedtak i kommunestyret. Delar av dette er finansiert gjennom auka offentleg tilskot (9 millionar), medan 10 millionar er tenkt inndekt gjennom sal av parkeringsplassar i parkeringshuset til Arena Ulstein. Dette gjev eit auka lånebehov på 21 millionar kroner.

I budsjettgrunnlaget for Arena Ulstein ligg det til grunn eit driftsunderskot på kr 5,9 mill pr år + 1,14 mill i inntekt frå kommunen for elevbading. Samla gjev Arena Ulstein ein meirkostnad for Ulstein kommune på kr 7 mill pr år. Som følgje av kostnadsauken på Arena Ulstein vil meirkostnaden auke til om lag 8 millionar pr år.

Å gje inntrykk av at Arena Ulstein ikkje har sin pris er å villeie og er ikkje rettvist ovanfor eigne innbyggarar. Me vil difor oppmode Høgre og Arbeidarpartiet til å tenkje seg godt om ein siste gong, eller i det minste opplyse kvar desse 8 millionane skal hentast frå, avsluttar Knut Erik Engh, Pål Grødahl, Steinar Torvik og Lisa Mari Breivik Andersson.