– Eg er svært godt nøgd med svaret frå samferdsleministeren. Det gir ei klar opning for å omdisponere ferjemateriellet i tråd med det vi ynskjer, slik at «Ullensvang» kan gå over Sognefjorden, seier Oskar Grimstad.

Stortingspolitikaren meiner det er praktisk klart betre med denne løysinga og at «Ullensvang» er betre egna for Lavik-Oppedal, sidan strekninga er to kilometer kortare og gir enklare lasting og lossing enn på Sunnmørs-sambandet.

Alle tener på det

– Eg har klare forventningar til at dette går i orden. Elles går Statens vegvesen på tvers av det statsråden ønskjer.

Grimstad meiner alle partar vil tene på at «Ullensvang» ikkje blir sett inn på Hareid-Sulesund, og forklarer kvifor han stilte spørsmål til samferdsleministeren.

– Det såg ut til at fornufta ikkje ville sigre, og at ein ikkje ville akseptere denne omdisponeringa, noko eg meiner ville vere fullstendig feil.

Les også: - Kan ikkje seiast klarare