Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (FrP) stilte nyleg eit skriftleg spørsmål til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, der temaet var MF «Ullensvang» og flytting av denne frå Hareid-Sulesund.

Norled har sagt seg villige til å flytte den utskjelte ferja som er tenkt å gå inn i sambandet frå 1. januar, og halde fram med «Tidesund» og «Tidefjord», men dette har så langt ikkje blitt akseptert av Statens vegvesen. I grunngjevinga til Grimstad skriv han at Norled har bede om eit svar på kvifor dei ikkje kan bytte ut «Ullensvang», men utan at Statens vegvesen har kome med noko.

Positiv minister

Grimstad stiller spørsmålet: «Vil statsråden sørgje for at den beste løysinga på ferjedisponeringa mellom dei to ferjesambanda kjem på plass?»

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skriv i sitt svar at han er positiv til at Statens vegvesen og ferjeselskapa kjem til einigheit og gjer justeringar, så lenge tilbodet for dei reisande blir ivareteke på berørte samband.

– Eg er positiv til at Vegvesenet framleis jobbar for å finne gode løysingar som gir eit best mogeleg reisetilbod, skriv Solvik-Olsen.

Les også: - Har klare forventningar

Bør gå i orden

Ordførar Anders Riise (H) i Hareid kommune meiner svaret frå statsråden er svært positivt.

– Ja, eg er godt nøgd med svaret. Eg ser på det som ei klar bestilling til Statens vegvesen, og eg meiner at det ikkje kan seiast klarare, fortel Riise, som legg til at dette må føre til at Statens vegvesen ryddar opp.

No håpar Riise at Vegvesenet tek utfordringa og ordnar det slik at Norled får byte ut MF «Ullensvang». Det er denne ferja som er meldt inn på sambandet, medan MF «Tidesund» er meldt inn som ny ferje på Lavik-Oppedal.

«Ullensvang» skal etter planen inn på Hareid-Sulesund om nokre få månader, men Riise meiner dette bør la seg ordne i god tid.

– Dette bør dei klare fint, det bør ikkje vere noko problem. Blir det ein realitet så kan «Tidesund» berre bli verande, og så kan Ullensvang bli sendt til eit anna samband.

Riise gir også honnør til stortingsmannen frå Hareid, og til statsråden.

– Det er bra at statsråden kan ordne opp når ikkje fylkespolitikarane greier det, avsluttar Riise.