- Det å få ei kontrakt med Bernard Schulte er prestisje. Og at Siemens er sluttkunde gir ikkje det mindre status. Dette er faktisk ei statuskontrakt.

Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein verft, fortel at dette er ei kontrakt som har utgangspunkt i arbeid hjå Ulstein Design & Solutions, og eit tett samarbeid mellom dei og kunden.

Les også: No kjem X-Stern

- Kolbjørn Moldskred var ikkje berre i Norge, men enda til i Kina for å sy i hop dette. Men kunden valte til slutt likevel å byggje i Norge. Kolbjørn har gjort ein fantastisk jobb ovanfor kunden, det er det ingen tvil om, fortel Sætre.

Onsdag hadde Ulstein verft feiring med kake for å markere at det vart inngått kontrakt på to nye offshorevindskip, og stemninga såg ut til å vere god blant dei tilsette.

- Også Trond Bø, som frå  dag er salsjef ved Ulstein verft, han tok over stafettpinnen, og brukte vel mesteparten av jula i lag med Ingvill Saunes til å sy saman denne kontrakten. Vi har utruleg dyktige folk som har kompetanse på dette området, og det er veldig kjekt å sjå, fortel Sætre.

Direktøren er likevel klar på at sidan arbeidet med dei to nye fartøya ikkje vil kome i gang på verftet før i 2016, så har ein behov for meir arbeid dette året.

Tysdag vart det klart at Ulstein verft legg ned avdelinga si i Vanylven. Kristian Sætre stadfestar at denne nedlegginga blir permanent, og at produksjonen som har vore gjort i Vanylven no blir flytta utanlands.

Les også: Ulstein ut av Vanylven

- Når det gjeld skrog og slike ting driv vi med å utvikle måten å byggje på, på den mest rasjonelle måten. Der alt stål og ein del utrustning blir gjort i Polen. Så blir båtane og dei delane som dei produserer sendt hit, fortel han.

Ifølgje Sætre var det mindre delar som vart laga i Vanylven.

- Tanken er no at vi ikkje lenger skal gjere dette sjølv, seier han.

Kristian Sætre fortel at innsparingane normalt sett vil vere store på å setje vekk dette arbeidet.

- Lønskostnadane er mykje lågare, medan stålet stort sett kostar det same.

X-Bow nummer 100

I tillegg til at den nye kontrakten for Ulstein verft inneber det første fartøyet med den nye X-Stern akterenden, vil ein også levere fartøy nummer 100 med den karakteristiske X-Bow'en. 29 av desse er bygde ved eige verft.

– Vi ser no at X-Bow har blitt ein stor suksess i Ulstein si nyare historie. Då vi selde ut UT-designa våre til Rolls-Royce i 1999, tok vi til å byggje opp ein ny designportefølje og kom raskt opp med konseptet for den nye skrogforma, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i ei pressemelding. Han er også leiar og pådrivar for området marknad og innovasjon i Ulstein.

Sjå video frå Ulstein verft i toppen av saka.

Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein verft, var nøgd med å kunne presentere den nye kontrakta for dei tilsette.