Den siste serierunden i Adeccoligaen er svært avgjerande for både Mjøndalen og Hødd. Mjøndalen treng siger for å skaffe seg ein kvalifiseringsplass, medan Hødd må ha minst eitt poeng for å ha håp om å rykkje direkte opp.

I samtale med Vikebladet Vestposten opplyser Mjøndalen-trenar Vegard Hansen at tilskodarkapasiteten deira er 2100. Av desse er 1500 sitjeplassar og 600 ståplassar.

- Snittet vårt i år har lege på om lag 1000 tilskodarar. Men no trur vi på 2100 og fullt hus. Kampen har stort interesse her i Mjøndalen, og vi lagar til eit flott arrangement i høve kampen. Eg ønskjer også alle Hødd-supporterar hjarteleg velkomne hit. Vi ser fram til ein interessant kamp på eit intimt stadion med god stemning. Dette blir veldig gøy, seier Vegard Hansen.

Les meir om Mjøndalen - Hødd i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Sist Hødd-kamp, heime mot Follo:

Reaksjonar (tekst og video)

Slik gjekk runden

Hødd vann 2-0 og er nærare Tippeligaen

Sandal og Aursnes må sone