Berre Senterpartiet og SV meinte det var naudsynt å gjennomføre ei ny folkerøysting for å høyre kva innbyggarane i Ulstein meiner om å slå seg saman med Hareid.

Ulstein kommunestyre slutta seg til framlegget frå ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) om at dei er open for å gå i dialog med Hareid kommune om ei intensjonsavtale, dersom Hareid kommune ønskjer dette.

Kommunestyret gav mandat til forhandlingsutvalet om å forhandle fram ein slik avtale. Dersom forhandlingane fører fram, vil Ulstein kommune gjennomføre ei ny innbyggjarhøyring i løpet av august. Kommunestyret tar sikte på å handsame ein eventuell intensjonsavtale den 1. september 2016.

Dei slo samstundes fast at dei ønskjer at Ulstein skal bli del av ein større kommune.

Meir i papiravisa av Vikebladet Vestposten laurdag 18. mai.