Det er for tidleg til at partia har diskutert utspelet til Knut Erik Engh og Hans Olav Myklebust om å slå saman kommunane Ulstein og Ørsta i gruppene sine. Men dei har gjort seg nokre tankar.

Lisa Mari Breivik Anderson synest ikkje det er ein god idé. Ein kan eventuelt ta ei folkerøysting for å høyre med folk kva dei meiner. Senterpartiet ønskjer at ei samanslåing skal kome på grunn av at det fører til betre tenester. Anderson ser ikkje heilt fordelane ved ei samanslåing av to kommunar som ligg så langt frå kvarandre, også med tanke på at samanslåing med Herøy og Hareid ikkje var ønskeleg.

Ikkje avvisande

Renathe Rossi-Kaldhol har ikkje hatt tid til å tenkje så mykje på utspelet, men stiller seg ikkje avvisande. – Ulstein AP har tru på at større kommunar vil vere nødvendig i framtida, for å løyse oppgåver meir hensiktsmessig, seier ho.

Dei har ikkje diskutert i gruppa konkret ei samanslåing med Ørsta, men er open for å diskutere det.- Me er to kommunar med god utvikling og sterke kommunesenter.

Positive til samarbeid

Knut Kleiven (H) har ikkje tenkt så mykje på utspelet, men svarer at Høgre er positive til alle formar for samarbeid. – Me prioriterer sjølvsagt samanslåing framfor interkommunale samarbeid som er som ein klump om foten når det gjeld aktiv styring og sjølvråderett, svarer Kleiven. Han legg til at dei i utgangspunktet er positive, men vil ta stilling til dette når det kjem på politisk agenda.

Hadde tenkt å foreslå Vanylven og Sande

Pål Grødahl svarer at han hadde tenkt at Venstre skulle ha eit eige utspel om kommunesamanslåing, der dei foreslo Vanylven og Sande.

– Ørsta kan vere greitt, men etter det eg kjenner til vil dei ikkje samarbeide med sine nærmaste, som Volda, men det er spennande om dei vil samarbeide med oss.

Grødahl tenkte Vanylven og Sande, for det er to kommunar som er villige til å samarbeide.

– Tenkjer du å få med Dragsund då i den eventuelt nye kommunen?

– Ja, Dragsund eller ikkje er ikkje så viktig. Det får eventuelt Fylkesmannen sjå på. Det som er viktig er samarbeid, meiner Grødahl som trur Ulstein hadde sleppt eigedomsskatt om kommunen var større.

Han synest det er på tide å starte opp igjen prosessen for å slå saman kommunar.

– Så du tenkjer ikkje me er ferdige med denne prosessen?

– Nei, Ulstein fekk ikkje reformert oss i lag med andre. No er det på tide å gå opp gryta igjen. Me må vere open for dei som vil samarbeide med oss.

– Eit blindspor

Steinar Torvik (KrF) trur eit samarbeid med Ørsta er elt blindspor. – Alternativet med forhandlingar om 7-stjerna var det første me måtte leggje vekk då spesielt Ørsta gav klare signal på at det var bortkasta energi. Å gå vidare med reformarbeidet med å starte forhandlingar mellom Ulstein og Ørsta trur eg er eit blindspor. I eit lenger perspektiv så vil det nok vere naturleg med samling i større einingar, men å hoppe over våre nærmaste naboar og starte prosessen med Ørsta aleine trur eg blir feil.

Torvik trur Hareid og Ulstein vil vekse saman til ei eining, eventuelt dei fem kommunane på ytre Søre Sunnmøre. På sikt vil det kanskje vere naturleg å ta med Ørsta og Volda.