Helland scora kampens einaste mål etter åtte minutt. Erik Sandal slo ein corner som Sandal la nede i lengste hjørne på direkten.

- Innøvd trekk, Pål André?

- Vi har vel prøvd det trekket to, tre gonger tidlegare utan hell. Så det var herleg å sjå den ballen gå inn.

- KBK ropte på straffe fleire gonger dei siste minutta. Var du nervøs?

- Eg synest jo sjølv det ikkje var hands. Men klart, når 1000 tilskodarar og ein heil innbytarbenk roper på hands i 16-meteren fleire gonger så blir eg jo litt nervøs, for ein veit aldri kva som skjer.

KBK skapte lite

- Etter ei god Hødd-opning vart det mykje KBK, utan at dei skapte særleg. Var dette årsbeste defensivt?

- Dei skapte vel éin eller to sjansar i 1. omgang, og ingenting etter pause sett vekk frå eit innlegg i treverket. Meir har dei vel ikkje. Vi må vere kyniske på bortebane. Det var det vi ikkje klarte i fjor. Kall det gjerne tysk maskinfotball frå 90-talet, smiler matchvinnar Helland.

Før han må haste i lagbussen for å rekke ferja frå Molde.

- Kompakte

Hødd-forsvaret spelte ein bortimot prikkfri kamp denne onsdagskvelden, og best av dei alle var kanskje Steffen Moltu. Han vann ei rekkje hovudduellar mot vanlegvis scoringskåte KBK-angriparar.

- Om det ikkje var årsbeste defensivt var det heller ikkje langt unna. Både firaren bak og femmaren på midten låg kompakte og godt. Dette var ein tøff bortekamp og vi tok ein slitesiger, seier Steffen Moltu til lokalavisa.

- Vart du nervøs etter under dei potensielle straffesituasjonane på tampen, Steffen?

- Det er jo alltid farleg. 1-0 er ei farleg leiing. Det kan vel hende der er situasjonar å diskutere i etterkant.

- Betyr det noko å vere tredje beste i fylket?

- Tja, eg tenkjer ikkje så mykje på det akkurat no. Vi kom hit for å vinne denne kampen. Det var ein herleg siger å ta, smiler midtstopparen.

Kampreferat.

Bilete.

Steffen Moltu (til venstre) og Hødd-forsvaret spelte ein god kamp mot KBK.