– Dette var veldig skuffande. Eg er spesielt misnøgd med det vi presterte før pause. Det var langt frå nivået vi skal vere på. Det kan rett og slett ikkje bli dårlegare. I 2. omgang gjorde vi eit godt forsøk. Sjølvsagt var det kjedeleg at Mjøndalen scora så tidleg i omgangen. Men hadde vi fått ei redusering hadde nok Mjøndalen blitt nervøse, medan vi hadde fått meir energi, sa Hødd-kaptein Jesper Törnqvist til Vikebladet Vestposten like etter kampslutt.

– Kan de ha fått ei mental utlading etter 3-1-tapet i Mjøndalen søndag?

– Det er vanskeleg å seie. Vi får prate om det internt. I 1. omgang var vi i alle fall aldri i nærleiken av der vi skal vere. Og det er kjedeleg i ein så viktig kamp.

- Viste moral

– Vi viste moral utover i 2. omgang. Då fekk vi trua på det og klarte å halde i ballen. Etter kvart fekk vi mange hjørnespark og kom til nokre feite sjansar. Skjebnen kunne blitt ein annan i dag. Men mål pregar kampar, oppsummerte Erik Sandal.

Som irriterte seg over 1.-omgangen til Hødd.

– Vi gjorde altfor mange enkle feil, meg sjølv inkludert. Eg hadde tre ballmiss som eg vanlegvis ikkje gjer. Det er veldig skuffande. Eg var supermotivert før kampen. Men vi hang ikkje heilt i hop i dag, seier Sandal.

Les også:

* Kampreferat