1. omgang:

Seks minutt før pause tok Mjøndalen leiinga på utsøkt vis. Etter eit innkast hamna ballen hos gode Vamouti Diomande. Frå kanten av 16-meteren plasserte han ballen perfekt i lengste kryss. At Mjøndalen leia halvvegs var ikkje ufortent ut frå spel og sjansar.

Etter 13 minutt kom dagens første halvsjanse då Erik Sandal avslutta eit frispark frå distanse like over tverrleggjaren. Hødd hadde ein del friske angrep, men sleit veldig med kontringane til Mjøndalen. Kvarteret ut i kampen vart både Steffen Moltu og Jesper Törnqvist drilla på ræva av Kevin Beugre. Heldigvis for Hødd bomma Beugre på begge avslutningane sine. Joachim Magnussen fekk ein brukbar sjanse etter 19 minutt. Avslutninga frå kort hald vart blokkert – og Bendik Torset rakk ikkje fram på returen. Det var uansett Mjøndalen som hadde dei største sjansane. Like etter Magnussen sitt skot kom Pål Alexander Kirkevold fri på venstresida. Han spelte seg åleine med Jan-Lennart Urke, men avslutninga gjekk så vidt til side for lengste stong.

Sjansemessig roa det seg ned begge vegar etter dette, men vi noterte ein halvsjanse på ein lobb frå Sandal etter 26 minutt. Etter Diomande si scoring fekk Hødd ei brukbar muligheit då Sivert Heltne Nilsen heada rett på Ivar Andreas Forn frå kort hald.

2. omgang:

Mjøndalen gjekk offensivt ut etter pause og dobla leiinga ved Christian Gauseth etter 48 minutt. Romsdalingen sende ballen i mål frå om lag 25 meter.

Etter scoringa la Mjøndalen seg lågare i bana. Hødd tok over initiativet i kampen, men det var først frå det 70. minutt dei verkeleg trykte på. Og då kom endeleg sjansane også. I løpet av fem seks minutt skapte Hødd fem ganske store og store sjansar. Først vart ei avslutning frå Steffen Moltu (ti meter) redda fint av Forn. Så vart ei skot frå innbytar Andreas Rekdal blokkert til hjørnespark. Like etter fekk Sivert Heltne Nilsen ei god moglegheit på hovudet, men han makta ikkje å styre ballen under tverrleggjaren. 75 minutt var spelt då Erik Sandal regisserte eit flott Hødd-angrep. Han spelte fri Jonas Ingebrigtsen, som sikta på ein einsam Espen Standal inne på femmeteren. Men i siste liten fekk ein bortespelar klarert.

Etter denne heseblesande perioden klarte ikkje Hødd å halde opp eit så like sterkt trykk. Det var framleis heimelaget som styrte kampen, men dei heilt store sjansane kom aldri det siste kvarteret.

Dermed tapte Hødd 2-0.

Før kampen:

Laga møtte kvarandre også søndag som var. Då vann Mjøndalen 3-1 på heimebane i siste serierunde. Hødd leia 1-0 til pause. At leiinga ikkje heldt heilt inn gjorde at Hødd enda på tredjeplass, medan Mjøndalen så vidt det var enda på sjetteplass - den siste kvalifiseringsplassen.

Hødd må i dag klare seg utan Eirik Ulland Andersen (karantene), Andreas Lie (skade) og Ruben-Kenneth Brandal (skade). Erik Sandal og Fredrik Aursnes er tilbake etter å ha stått over sist kamp med karantene.

KampfaktaKvalifisering til Tippeligaen, runde 1Hødd – Mjøndalen 0-2 (0-1)HøddvollTilskodarar: 2553Mål: 0-1 Diomande (39), 0-2 Gauseth (48)Dommar: Kai Erik Steen, Gneist ILGule kort: Grodås, Aursnes, Nilsen (Hødd), Onstad, Gauseth, Olsen-Solberg (MIF)

Hødd: Jan-Lennart Urke - Jonas Ingebrigtsen (Franjo Tepuric 84), Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås - Erik Sandal, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes - Bendik Torset (Andreas Rekdal 59), Espen Standal, Joachim Magnussen.

Benk: Ole-Monrad Alme, Tobias Nygård Vibe, Vegard Heltne, Pål Hofset Skeide, Franjo Tepuric, Andreas Rekdal, Rune Ertsås.

Mjøndalen: Ivar Andreas Forn, Jonathan Borrajo, Kristian Flittie Onstad, Morten Sundli, Joachim Olsen-Solberg, Stian Aasmundsen, Christian Gauseth, Vamouti Diomande, Mads A. Hansen, Kevin B. Beugre, Pål Alexander Kirkevold.

Les meir om Hødd:

- Dette var tungt

Alt rakna i 2. omgang

Bilete før kampen MIF - Hødd

Bilete 1. omgang MIF - Hødd

Bilete 2. omgang MIF - Hødd

Kampstart 13.00

Historisk tilbakeblikk med Kjetil Hasund

Elevane får fri

* - Heilt uproblematisk

* Historisk tilbakeblikk med Tor Meinseth