Førre fredag skreiv vikebladet.no at Marianne Hatløy har sagt opp jobben som politisk sekretær. No lyser Ulstein kommune ut jobben hennar.

Dei søkjer etter ein politisk sekretær i hundre prosent fast stilling. I stillingsannonsen står det: "Stillinga er i dag organisert i politisk sekretariat med ordføraren som næraste leiar. Politisk struktur og organisering av politisk sekretariat skal reviderast i løpet av året. Det kan bli endringar i organiseringa av stillinga."

Kommunen ønskjer ein person med høgare utdanning innan relevant fagkrins (relevant realkompetanse kan vege opp for mangel på formalkompetanse). Personen må ha god brukarkunnskap innan IKT og god kjennskap til offentleg forvaltning. Og juridisk kompetanse innan kommunelova og offentleglova.

Søkjaren må vere sjølstendig, systematisk, fleksibel og nøyaktig og god til å samarbeide.

Søknadsfrist er 12. februar.