For ni år sidan lanserte Ulstein Group X-Bow-designet for skipsbaugar. Ifølgje Ulstein var dette eit designelement som auka komforten om bord i fartøya og gav mogelegheiter til anten å halde oppe farta i dårleg vêr eller til å redusere drivstofforbruket. Sidan den gong har det blitt produsert nærmare 100 fartøy verda over med dette designet.

Under ONS2014 i Stavanger har Ulstein no lansert sitt nye designelement, X-Stern, som ifølgje ei presse frå Ulstein skal vere med på å auke operabiliteten, gjennom betre dynamisk posisjonering, bølgjerespons, komfort og sikkerheit under tøffe forhold.

"Eit fartøy med X-Stern kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold. For fartøy der best moglege rørsleeigenskapar er avgjerande, vil moglegheita til å plassere X-Stern i staden for baugen mot vêret vere kapteinen sitt naturlege val", skriv Ulstein i ei pressemelding.

Frå utfordringar til salbare produkt

Visekonsernsjef, og sjef for marknad og innovasjon i Ulstein, Tore Ulstein, fortel gjennom pressemeldinga at konsernet har søkt om patent på X-Stern i fleire land, mellom anna i EU og USA.

- Vi diskuterer operasjonelle utfordringar med kundane våre, og arbeider for å overføre desse utfordringane til tekniske løysingar som kan verte salbare produkt, seier Ulstein.

"X-Stern har fleire av dei same eigenskapane som X-Bow, og har i tillegg isbrytande eigenskapar. Utforminga reduserer akselerasjon, hiv og stamping, gir betre komfort og sikkerheit, og aukar det operasjonelle vindauget. Som følgje av hekkforma og det innelukka akterdekket vert det ikkje kasta sjø inn på dekk, og ein reduserer isdanning i kaldt klima", forklarer selskapet i pressemeldinga.

- Ein innovasjonsprosess er ein lang prosess, der vi arbeider strategisk med å kome fram til sikrare, smartare og grønare løysingar, seier Tore Ulstein.

Les også: Otto kjøper PX121