Keeperen fekk i snitt 5.70 på børsen. For å bli børsa må ein ha starta og spelt minst ein halvtime, eller komme inn før det 60. minutt. Nyland vart børsa i 27 kampar denne sesongen. Han vart utvist tidleg mot Alta, og fekk ikkje poeng då. I tillegg stod han over éin kamp grunna det raude kortet og éin grunna landslagssamling.

– Sesongen har vore god, både med tanke på at vi nådde cupfinalen og at vi redda plassen, seier Ørjan Håskjold Nyland i det han får årets spelar-pokalen frå lokalavisa.

– Og du sjølv?

– I utgangspunktet tenkjer eg ikkje så mykje på børs og slikt, men det er kjekt å høyre at de synest eg har vore god over tid, smiler Nyland.

Truleg ferdig i Hødd

Det er neppe berre Vikebladet Vestposten sine referentar som synest han har hatt ein god sesong. U21-landslagssjef Per Joar Hansen har stor tru på voldingen, og nøla ikkje med å gi han tillit i den avgjerande EM-kvalifiseringskampen mot Frankrike då Arild Østbø vart skadd. Nylands kontrakt med Hødd går ut etter cupfinalen, og han vil truleg kort tid etter bestemme seg for vegen vidare. Fleire Tippeliga-klubbar har vore inne i biletet.

Avstanden frå Nyland til Pål André Helland på sølvplass var på komfortable 0.34 poeng.

Hødd-børsen (snitt), topp fem:

1. Ørjan Håskjold Nyland, 5.70

2. Pål André Helland, 5.36

3. Sivert Heltne Nilsen, 5.24

4. Steffen Moltu, 5.15

5. Fredrik Klock, 5.14

Vidare: Akeem Latifu, Erik Sandal, Fredrik Aursnes og Espen Standal.

Desse ni vart børsa i minst to tredeler av kampane (det vil seie 20), som er kriteriet for å kunne bli årets spelar.

Berre seriekampar gjeld.

Følgjande spelarar vart børsa, men ikkje i mange nok kampar: Ørjan Engen Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal, Bendik Torset, Michael Karlsen, Elias Nonso Lala, Christian Mork, Vegard Heltne, Kazeem Ahmed, Thomas Lid Kleppe, Eirik Heltne, Victor Grodås, Andreas Rekdal, Kjell Rune Sellin, Jan Lennart Urke.

Følg Vikebladet Vestposten på Facebook

Ulikt frå børsen

  • Ingen fekk 1 på børsen i 2012. Steffen Moltu var einaste spelar som fekk 2. Det skjedde etter heimekampen mot Ull/Kisa. “Ein dårleg dag. Laga to straffer og vart sprunge frå på 0-1” stod det i forklaringa.

  • Ingen fekk 9 på børsen i serien (det har skjedd i cupen). Ørjan Håskjold Nyland fekk 8 både heime og borte mot Start. Pål André Helland fekk 8 etter 5-0-sigeren heime mot Ham/Kam, samt etter 4-1-sigeren heime mot Strømmen. Fredrik Aursnes fekk 8 på børsen etter 2-1-sigeren heime mot Sarpsborg 08. Steffen Moltu det same etter 1-0-sigeren heime mot Sandefjord.

  • Høgaste totale poengsum på startoppstillinga gav vi etter 4-1-sigeren mot Strømmen. Totalt fekk laget 69 poeng, og berre éin fekk karakteren 5.

  • Lågaste totale poengsum gav vi etter 5-0-tapet borte mot Alta. 11-aren fekk då 37 poeng, og berre éin spelar (Helland) fekk 5, resten 3 og 4.

  • Desse har børsa Hødd-kampane for Vikebladet Vestposten i år: Jørund W. Johansen, Leiv Arne Grimstad, Marius Myklebust, Einar Orten Trovåg, Joakim Rødven, Andreas K. Rasmussen, Vegard Moltubakk.

Andre årets spelar-vinnarar i VV denne sesongen (i desse divisjonane gjeld stjerner, ikkje børs):

2.-divisjon: Ragnhild Ertesvåg (Hødd)

3.-divisjon: Vagn Scheide Mork (Hareid)

5.-divisjon: Ruben Muren (Hasundgot)

6.-divisjon: Torstein Vattøy (Flø)