Kontraktsummen er på 111 millionar kroner. Avtalen omfattar ein måleperiode på 4 år, med moglegheit for to opsjonar på 4 år kvar for forlenging av måleperioden. Kontraktsummen omfattar dei første åtte åra av kontrakten.

- Dette blir den største miljømålinga som er utført i Norge, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Jørn Arve Hasselø.

Fugro Oceanor skal levere komplette oseanografiske målingar, vindmålingar og lidarmålingar. Målingane vil gi grunnlagsdata for å kunne dimensjonere bruene over Sula, Vartdals- og Halsafjorden. Datagrunnlaget skal inngå i klimamodellar for fjordane som utarbeidast av Meteorologisk Institutt.

Les også: - Der skal brua komme på plass

På land skal det plasserast fleire vindmaster med ei høgde på 80-100m. I fjordane skal det plasserast bøyer for målingar av bølgjer i overflata, indre bølgjer, strøm, vind, temperatur, nedbør, luftfuktighet og salinitet.

- Dette er eit teknologisprang! Vi skal måle vindfeltet over fjordane med Lidar-teknologi. Det er ein ny målemetode for å måle vindhastigheitane i lufta over fjordane med laserteknologi. Dette vil gi oss informasjon om vindkreftene på kjørebana mellom brutårna, fortel prosjekteringsleiar Magne Gausen.

Meir nøyaktig informasjon

Til no har det berre blitt utført teoretiske analysar av værforholda i fjordane. Målingane som startar i haust vil gi meir nøyaktig informasjon om klimaet bruene skal stå i.

- Målingane som startast no har vi planlagt skal halde fram kontinuerleg frå planleggingsfasen og i heile byggjefasen fram til bruene er ferdig bygde, fortel prosjektleiar Hasselø.Fugro Oceanor vil gjennomføre måleprosjektet med bidrag frå godt kvalifiserte leverandørar:

- Fugro Oceanor AS utfører alle sjøbaserte målingar, samt presenterer standard statistikk og tilretteleggjing av data for vidare analysar utført av underleverandørar.- Kjeller Vindteknikk AS vil utføre dei landbaserte målingane og tilhøyrande analysene.- SINTEF/NTNU vil utføre avansert statistisk analyse av straum- og vannkvalitetsdata, samt adressere mogleg førekomst av indre bølgjer.- Norconsult vil utføre avansert statistisk analyse av bølgjemålingane, inkludert ekstremverdianalysen.