Kleven Verft har i dag levert byggnr. 382 til Maersk Supply Service. Dette er første fartøy i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy som Kleven har under bygging for Maersk.

Fartøyet blei døypt på kaia ved Kleven Verft i ettermiddag, og fekk namnet Mærsk Master av gudmor Gitte Jacobsen.

Maersk er eit av verdas største reiarlag, og dei seks fartøya frå Kleven inngår i selskapet si flåtefornying. Det 95 meter lange ankerhandteringsfartøyet er av SALT 200-AHTS-design frå Salt Ship Design, og er eit svært kraftfullt fartøy. Fartøyet er bygd for ankerhandtering på store djup.

No skal skipet få litt meir utstyr om bord, så dreg skipet over helga.

- Kva synest du om fartøyet?

- Eg visste det ville bli eit fantastisk skip! Det har vore eit godt samarbeid mellom Kleven og Marsk. Eg gler meg til å sjå skipet tene kundane våre, seier Peter Jacobsen til Vikebladet Vestposten.

Sidan dei skreiv kontrakt i 2014 har han vore her kvart kvartal og følgd prosessen. Det har vore ei sann glade å samarbeide med Kleven.