Frå mars til oktober neste år blir TV-serier "Hjemmebane" spelt inn i Ulsteinvik. Det er produksjonsselskapet Motlys som produserer serien for NRK. Tidlegare i år gjennomførte dei audition for å få tak i dei rette rollene.

I dag skriv NRK Møre og Romsdal at det er klart at det er Ane Dahl Torp som skal spele den unge kvinnelege fotballtrenaren for det fiktive fotballaget Varg. John Carew skal spele ein fotballspelar i slutten av karriera.

Om å vere kvinne i mannsdominert miljø

Dramaserien "Hjemmebane" handlar om Helena Mikkelsen som blir noregshistorias første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå.

Etter å ha vore trenar for kvinnefotball i 15 år troppar ho opp på eit intervju ho ikkje er invitert til og krev å bli hovudtrenar for laget Varg. Helena meiner sjølv ho er meir enn kompetent nok for denne jobben, og det er vel eigenleg Varg samd i også. Problemet er berre at Helena er kvinne, og kvinner trener ikkje menn i fotball.

Espen, klubben sin sportslege leiar, sit med kniven på strupen og høyrer klokka tikke mot seriestart. I møte med Helenas stålvilje tar han sjansen og gir henne jobben.

Me får følgje Helena gjennom sesongen og korleis ho må vinne seg respekt av spelarar som ikkje trur på henne, supportarar som ikkje likar henne og ein klubb som når som helst kan gje henne sparken.

Motlys håpar med denne serien å ikkje berrre nå folk som er interesserte i fotball. Dei trur dette er ein serie som fleire kan kjenne seg igjen i. Mellom anna kvinner i mannsdominerte miljø.

På skjermen i 2018

Serien vil bli sendt på TV-skjermen sundagskveldane frå januar 2018.