Gabriel Fliflet har laga musikken til filmen «Ishavshender».

Årets folkemusikar

Fliflet vart i 2011 kåra til «årets folkemusikar», og har samarbeidd med blant andre Jan Eggum, Odd Nordstoga og Kari Bremnes. Han har vore med i duoen Fliflet/Hamre, og har hatt eige TV-program på NRK.

Til Brandal kjem han med trekkspelet sitt.

Jorunn Marie Kvernberget

Med han er også Jorunn Marie Kvernberg. Ein framifrå felespelar som blant anna er kjend frå Majorstuen og Unni Boksasp Ensembles, som vann spelemannsprisen i 2010.

Fliflet og Kvernberg har turnert saman med konserten «Valseria», Fliflets bestillingsverk til Vossajazz 2013. Under konserten i Brandal vil dei spele musikk frå filmen «Ishavshanda, eigne ting - og eit utdrag frå «Valseria». Dei har fått svært gode kritikkar for konserten «Valseria». «Eit fyrverkeri av ein konsert», skreiv til dømes Ole Foss i Romsdals Budstikke, medan Sigmund Krøvel-Velle i Hallingdølen skreiv «eit musikalsk skred.

Send inn bilete av hender til andreas.bjerknes@vikebladet.no eller bruk emneknaggen #handami på Instagram.