Tysdag 22. november hadde Vikebladet Vestposten eit oppslag med Sharon Brandal. Ho og ei venninne frå Hareid vart ein mørk desemberkveld for tre år sidan påkøyrde av ein bil i Hareid sentrum. Begge skadde seg, men har heldigvis kome seg til att. – Før ulykka brukte eg ikkje refleks, og tenkte vel som dei fleste at noko slikt skjer ikkje meg. No nyttar eg refleks heile tida, sa Sharon, og oppmoda alle andre om å gjere det same.

På side 8 i dagens avis skriv vi om Ulstein Betong Constructor, som skal til med eit storprosjekt i Gjerdegata, Ulsteinvik. Dei vil dele ut 200 refleksvestar til mjuke trafikantar som ferdast i området. Med anleggstrafikk blir gata innsnevra, og i mørket blir dei gåande nærast umoglege å sjå. Tiltaket til Ulstein Betong Constructor er flott. Mange bankar og forsikringsselskap deler også ut refleks. Både konfeksjons- og skobransjen har dei siste åra blitt flinkare til å integrere refleks på sports- og fritidsklede.

Før vi går ut i mørket er det viktig å sjekke at refleksen blir med på turen. Både på borna, ungdomane og oss sjølve. Og hugs: heller ikkje barske mannfolk er sjølvlysande utan refleks. Ha ei god helg – også på tur i mørket.