Å lese Vikebladet kan vere kjekt for oss som har flytta ut og lurer på kva som skjer i heimbygda og traktene rundt. Men akkurat i dag «lynte det sør om Stadt..!!» Eg las eit intervju med Eldar Husøy, som akkurat hadde kome heim frå kyrkjemøtet og var vel nøgd med resultatet. Kyrkja kan framleis stenge homofile som ønskjer ekteskap ute. Dersom dei ønskjer «å praktisere» og har ønske om å gifte seg i kyrkja, er døra framleis stengd.

Eldar Husøy siterer Bibelen som best han kan, og konkluderer med at det beste er det som har stått fast i 2000 år. « Bibelen er veldig eintydig om ekteskapet. Alt i 1. Mosebok står det at «til mann og kvinne skapte han dei». Polariteten mellom kjønna er fastsett.» Eg undrar meg ofte over kor historielause mange konservative kristne kan vere. Dei gløymer, eller ser vekk frå at i desse 2000 åra har mange kristne, geistlege stått last og brast med regime og inkvisitorar som har torturert, avretta og utført mange slags overgrep mot andre. Dei har og gjort det i Guds namn og støtta seg til skriftord frå Bibelen. Det har rett og slett vore ganske mange prektige som har misbrukt Gud og Bibelen til å øydelegge andre menneske sine liv?

Oppfinninga av helvetet var ei god hjelp for kyrkja, då dei trengde pengar til nye gudshus, og heilt fram til vår tid har mange fått kjenne den frykta og angsten som maktsjuke predikantar sådde i oss. Som ein konsekvens av dette kom fordømminga av alle som ikkje tilpassa seg deira bodskap. Og lista er lang dersom ein skal ta med alle dei fordømde. Det som kjem mest fram i mitt minne, er den meiningslause utestenginga av kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, og barna deira, som blei nekta dåp og konfirmasjon. Det var til og med spørsmål om kvar dei kunne gravleggast.

Hovudgrunnen til min reaksjon er at Eldar Husøy i siste del av intervjuet viser til «alle» dei homofile som har valt å leve eit liv åleine.

«Denne gruppa er mykje større enn den gruppa som vil gifte seg. Og dei vil få det frykteleg vanskeleg dersom kyrkja seier ja til å vigsle samkjønna par.»

Det er det hittil mest degenererte argumentet eg har høyrt. Blir heterofile som lever åleine lei seg når nokon giftar seg? Nei, Eldar Husøy! Dei fleste som lever åleine har vel eit håp og eit ønske om å treffe nokon å elske? Og fins det homofile som er skremt vekk av svartemenn, så bør dei snarast få hjelp.

Ingen kristne med Bibelen i handa skal skitne til andre sin kjærleik. Det er det største vi kan oppleve på jorda, og verken Eldar Husøy eller andre med Bibelen framfor har rett til å nekte andre denne gåva.

Eg blir i kyrkja. Ved neste val skal eg finne ut kven svartemennene er og stryke dei frå lista. På Tv-debatten etter kyrkjemøtet høyrde vi heldigvis kloke kristne som har forstått kjærleiksbodskapen. Det å vere bokstavtru høyrest fromt ut, men har alltid medført elende. Bokstavtru kristne, ekstreme muslimar eller jødar er same sorten. Dei vassar i gamle slagord som fører til fordøming av andre. Eg hugsar kva Jesus meinte om dei som var mest bokstavtru og seier som Gelius sa på TV: Kva hadde Jesus sagt dersom han stod her?

Det er mange norske biskopar og prestar som ønskjer homofile velkomne som fullverdige menneske i kyrkja. Dei har og lest skrifta, og i tillegg forstått at det viktigaste er kjærleiken. Måtte desse vinne fram, og måtte dei homofile snart få lov til å leve og elske som andre, utan å bli trakka på!