Fjord1 er på veg mot å bli børsnotert. Planen framover er at Havilafjord AS skal sitje att med 51 prosent av selskapet etter børsnoteringa. Det skriv næringslivsportalen Nett.no.

Havila Holding-dotterselskapet eig no 67 prosent av Norges største ferjereiarlag, etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune i oktober i fjor overdrog dei avtalte 26 prosenta av aksjane sine i Fjord1 til Sævik-familien sitt Havila-konsern. Havila-eigarskapen skjer som sagt gjennom det 100 prosent Havila Holding AS-eigde dotterselskapet Havilafjord AS. Sogn og Fjordane fylkeskommune sit etter overdraginga igjen med 33 prosent av aksjane i selskapet.

Børsnotering

Ifølgje Nett.no viser ein investorpresentasjon frå Fearnley Securities at Havilafjord AS meiner alvor med planane om å ta selskapet på børs. Det vil selskapet gjere samstundes som dei overtek dei resterande 33 prosenta av aksjane frå fylkeskommunen.

For å klare dette vil Havilafjord AS hente inn rundt rekna 1,7 milliardar kroner frå private investorar gjennom sal av 49 millionar aksjar i Fjord 1. Desse 49 millionar aksjane vil tilsvare 49 prosent av den totale mengden aksjar i Fjord 1. Til slutt ønskjer Havilafjord AS å sitje igjen med 51 prosent av aksjane, ved å først selje 49 prosent av sine 67 prosent av aksjane, før dei kjøper dei resterande aksjane frå fylkeskommunen.

Fjord 1 vil få ein verdi på mellom 3,2 og 3,5 milliardar kroner om det blir slik investorpresentasjonen frå Fearnley Securities viser. Ifølgje den vil den indikative prisen på aksjane bli sett til 32 til 35 kroner aksjen.