Det er i ein artikkel i det amerikanske maritime magasinet Marine log, at opplysningane om kontraktkanselleringa kjem fram. Og dette berre dagar før partane i finansieringsforhandlingane har til målsetjing å kome fram til ei løysing.

I følgje artikkelen, som visar til ei pressemelding som det japanske verftet sendte ut måndag denne veka, kan det verke som at kanselleringa heng saman med den såkalla Standstill & Deferral-avtalen Island Offshore drog i hamn med kreditorane sine den 22. november 2016.

Viseadministrerande direktør i Island Offshore, Tommy Walaunet, konstaterer at desse opplysningane er feilaktige.

- Vi vart veldig overraska sjølve, då vi fekk nyss i desse opplysningane. Det kan verke som at fleire har tatt seg fridom til å tolke denne japanske pressemeldinga Kawasaki har sendt ut, men dette er ‘fake news’. Leveringsvindauget er noko utvida, men utover det er det ingen endringar i kontrakta og alt går etter planen, seier han og viser til det som står i kvartalsrapporten som kom ut for ein månad sidan.

I kvartalsrapporten kjem det fram at det Rolls-Royce designa brønnintervensjons- og toppholsboringsfartøyet har ei forventa leveringstid i januar 2019. Dette er ei utviding på om lag 2 år frå den originale leveringstida som vart satt til våren 2017 då kontrakta vart signert i 2014.

I 2015, då det vart meldt om oppheving av atterhald i bygginga av skipet, kom det òg fram at fartøyet skulle verte fullfinansiert gjennom japanske finansinstitusjonar. I følgje fyrste kvartalsrapport i 2017 skal Island Navigator vere fullt finansiert.