– Det vil nok bli ekstern kapital i vår balanse ja, seier konsernsjef Ståle Rasmussen til Maritime.no.

Kleven-familien klarer ikkje å redde verftskonsernet åleine, og er no i brot med lånevilkåra. Det skriv Maritime.no. Kleven har tapt rundt ein halv milliard kroner på drift dei siste to åra åleine, og tidene etter oljesmellen har vore svært tøffe for verftskonsernet som består av Kleven Verft og Myklebust Verft. Den nye kapitalen skal vere på plass innan får veker, seier Rasmussen.

– Dette jobbar vi med. Vi trur ei løysing er nært føreståande, og at vi vil ha dette på plass i løpet av nokre få veker, seier Rasmussen.

Kleven har tidlegare skrive om jakta på nye eksterne investorar i årsmeldinga si, fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund til Vikebladet Vestposten måndag.

– Dette er ikkje noko nytt. Men det stemmer at vi framleis jobbar med å få inn eksterne investorar, seier Kvalsund.

Det vart tidlegare i sommar kjent at dei tilsette i Kleven-konsernet gjekk med på ein avtale for å sikre sine eigne arbeidsplassar, med å gi Kleven-tilsette konsernet 24 millionar kroner i ansvarlege lån gjennom månadlege lønstrekk.

Les også: Tilsette med milliondugnad for å trygge arbeidsplassar

Remøy og Sævik inn?

Vikebladet Vestposten kjenner til at både Sævik-familien og Aage Remøy skal vere aktuelle som nye medeigarar i Kleven-konsernet, men i kva grad og kor mykje desse aktørane eventuelt vil skyte inn i konsernet, er ikkje klart.

Aage Remøy fortel Vikebladet Vestposten at han ikkje ønskjer å kommentere saka no.

– Eg har ingen kommentar til dette på noverande tidspunkt, seier Remøy.

Vikebladet Vestposten har også prøvd å få kontakt med Sævik-familien, men har ikkje lukkast med dette.

Per Sævik og familien har som kjent nyleg sikra seg ein solid bolk av Volstad Maritime, nær 50 prosent. Dette gjorde familien med pengar frå nedsalet i Fjord 1, som dei har aksjemajoriteten i.

Les saka her: Difor kjøper Havila store delar av Volstad

Kleven Martime Holding er per i dag den største aksjonæren i Klevenkonsernet, med heile 90,21 prosent av aksjane. Dette holding-selskapet har fleire eigarar, med selskapet John Kleven AS som det største. Dette skriv Maritime.no.

- Ein kapitalmodell er på plass

Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik fortel at dei tilsette ikkje kjenner så mykje til dei konkrete planane for å få inn frisk kapital.

- Men vi har fått vite at det no er på plass ein modell for å få inn ny kapital. No er det uansett viktigast at vi lét leiinga få ro kring denne prosessen, seier Høydalsvik og legg til:

- Her er mykje aktivitet i Kleven og difor krevjast det mykje kapital. Faktum er at vi per i dag har for lite kapital til å halde på den aktiviteten vi har i dag. Mykje av tapet kom på grunn av eit prosjekt (IES Energy, BNR 379), rundt 300 millionar kroner. Men, vi må no jobbe framover for å få i hamn ei løysing.

Båten som heitte IES Energy då den blei bygd blei, som Vikebladet Vestposten kunne avsløre, seld til det kanadiske offshorereiarlaget Horizon Maritime.

- Om det blir ein konkurs her, vil det ha dramatiske konsekvensar for distriktet. Men det trur eg ikkje vil skje, legg Høydalsvik til.

Mafoss ønskjer ikkje kommentere

Kleven-konsernet er ein fleire medlemsbedrifter i Mafoss (Maritim foreining for Søre Sunnmøre). Dagleg leiar Terje Høybakk seier til Vikebladet Vestposten at han kjenner til situasjonen Kleven er i.

- I den situasjonen konsernet er i no, ønskjer vi ikkje å seie noko. Ikkje før vi får vite at ei finansiell løysing er på plass, seier Høybakk.