Ei ny stifting, beståande av Sørøyane Røde Kors, Ulsteinvik Småbåtlag, Ulstein Seglforeining, skal kjøpe og ta over drifta av Aktivitetshuset på Vikholmen. Ulstein kommunestyre vedtok samrøystes å gje ein kommunal lånegaranti på 2 millionar.

Huset har vore til sals i den opne marknaden. Det kom inn to bod. Det nye stiftinga baud 2,1 millionar, Ulsteinvik Bibelsenter baud 2,3 millionar. Avviklingsstyret landa på at den nye stiftinga skulle få overta huset, for å sikre at formålet med eit allment forsamlingshus, samt funksjonen som sørvisbygg til gjestehamn, vart teke vare på.

Etter vedtak er fatta har ordføraren fått brev frå Arve Eldar Flø som kallar framgangsmåten klønete. Han meiner Bibelsenteret kunne ha drifta Aktivitetshuset på ein like god måte, utan at det ville ha kosta kommunen ei krone.

Objektive kriterium

Ordføraren svarer at kommunen la objektive kriterium til grunn. Gjennom heile prosessen har dei vore opptekne av å ta vare på formålet. Saka har vore oppe i både kommunestyret og formannskapet. Han ser ikkje at dei kunne ha røysta for ei anna løysing.

«Skalkeskjul»

Flø svarer at Ulsteinvik Bibelsenter har oppfatta det slik at huset skulle seljast på den opne marknaden, og det til høgstbydande. Dei har heile tida prøvd å fortelje styret at dei også ville drifte huset, og stille det til rådvelde for lag og organisasjonar, i tillegg til å ha eigne arrangement der. Bygda skulle få bruke huset til både barnedåp og bryllaup. Det same med toaletta på gjestebrygga.

Han meiner det kan sjå ut som at det frå starten var bestemt at dei ville selje til nokon andre enn Bibelsenteret. Kvifor la dei ut huset for sal, var det eit skalkeskjul for at det skulle gå rett for seg? Han meiner Bibelsenteret er halde for narr. Han meiner det ikkje er tilfeldig at to av dei som har teke initiativ til den nye stiftinga tilhøyrer partigruppa til ordføraren.

Samla formannskap

Ulsteinordføraren meiner denne saka ikkje har noko å gjere med koplinga hans til dei som står bak den nye stiftinga.

– Eg har tvert i om vore særdeles bevisst på at eg ikkje skulle opptre på vegner av meg sjølv i denne prosessen, men halde formannskapet orientert undervegs, svarer Engh til Vikebladet Vestposten.

Han har sitte i styret i stiftinga av Aktivitetshuset som blir avvikla i fire år. Han har søkt råd av både administrasjonen og politikarane i kommunen om kva standpunkt han som kommunens representant skal ta i styret. Det har han fått ros for frå dei andre partia.

– Det er eit samrøystes formannskap som har gjeve si tilslutning til fråsegna som Ulstein kommune har gjeve til Stiftelsen Vikholmen Aktivitetshus sitt avviklingsstyre. Denne er ikkje handsama i formannskapsmøte, men er sendt ut til alle medlemane av formannskapet. Alle har slutta seg til fråsegna, fortel Engh og legg til at fråsegna var i tråd med kommunen si haldning også før han vart ordførar.

Ikkje ugild

Han vil ikkje ha på seg at det at han har partikollegaer i Røde Kors gjer han ugild. Engh er også medlem i Sørøyane Røde Kors, utan at det endrar saka.

– Har du forståing for at Ulsteinvik Bibelsenter kjenner seg haldne for narr?

– Eg har inga forståing for at Bibelsenteret føler at dei har blitt halde for narr. Dei har blitt vurdert på lik linje med dei andre tilbydarane. Ulstein kommune har hatt ei klar haldning heile vegen, og det er gode og objektive kriterium som ligg til grunn for styrets samla avgjerd, seier ulsteinordføraren.

Ulsteinvik Bibelsenter presiserer at Flø uttaler seg som privatperson. Dei har full tillit til den nye stiftinga og har inga formeining om ordføraren si rolle i denne saka.