23. november fall dommen i Sunnmøre tingrett, og Ulstein kommune tapte på alle felt.

Retten festa med det lit til at Glen Børge Løset Flø vart mobba gjennom heile grunnskuletida si i Ulstein, og konkluderte med at det er sannsynleg at Flø ville klart vidaregåande skule dersom han ikkje var påført langvarig og traumatiserande mobbing. Det står skrive i dommen.

Les også: Krev vel 1,9 mill. kr.

Ulstein kommune blei dømd til å betale 1,66 millionar som personleg erstatning, i tillegg til nærare 300.000 kroner som erstatning for økonomisk tap. Ulstein kommune blei også dømd til å dekkje sakskostnadene til Flø. Til saman nesten 2 millionar kroner.

Saka blei diskutert bak lukka dører i kommunestyresalen. No har altså formannskapet valt å gå for ein anke. Dei meiner tingretten si avgjerd er basert på feil rettsanvendelse og feil bevisomdømming.

Sidan Ulstein kommune ankar avgjerda vil Frostating lagmannsrett føreta ei ny vurdering av saka.

Kommunen vil ikkje kommentere saka ytterlegare.