I vinter skreiv vikebladet.no om den farlege skulevegen elevane som bur i Botnen har. Dei må krysse riksvegen (der bilane susar forbi i 80 km/t) og dei må også gå langs denne vegen, utan at der er fortau.

I februar hadde Ulstein kommune møte med Statens vegvesen om mellom anna trafikksituasjonen i Botnet. Partane vart der samde om at noko må gjerast.

Reidar Garnes og Maciej Szymanski har søkt om at skulevegen for skuleborna som bur sør om riksveg 61 gjennom Botnen blir godkjend som særleg farleg skuleveg. I følgje Opplæringslova har elevar som har særleg farleg skuleveg eller vanskeleg skuleveg rett på gratis skuleskyss utan omsyn til veglengda.

Saka har no vore oppe i både levekårsutvalet og formannskapet. Båe stadene valde dei samrøystes å følgje tilrådinga frå rådmannen å godkjenne skulevegen som særleg farleg. Torsdag 30. mars skal saka opp i Ulstein kommunestyre, som er siste instans.

Men å skysse borna med skulebussen løyser ikkje alle problema. For å kome seg til bussen, eller av bussen, må skuleelevane krysse hovudvegen. Så eit vedtak om særleg farleg skuleveg må løysast med transport som er tilpassa tilhøva på staden, der vegkryssing må unngåast.