–Området ser idyllisk ut ved første augekast, men ser ein nærare etter, ser ein alt skrotet.Knut Øyvind Myklebust er leiar i Eiksund bygdelag, som har kalla inn til storstilt rydding i strandsona. Onsdag tok han med lokalavisa på omvisning i båt, for å vise kor ille forsøplinga er.

Mykje plast

Ifølgje Myklebust er det verst i området på sørsida av Eika og utover mot Aursneset.

–Det ligg både bildekk, syrekanner og anna plast. Det samlar seg nok både frå Ørstafjorden, Vartdalsfjorden og Voldsfjorden, seier han.

Som aktiv kajakkpadlar har han lagt merke til forsøplinga og seier det fristar lite å gå i land i strandsona.

Statsråd

Det er ikkje berre på Eiksund det skal ryddast. Dimna Velforening ber folk møte på grendahuset klokka 11.00 for å få utdelt søppelsekker. Dei har delt strandsona inn i rodar.

I Ulsteinvik sentrum er det Ulstein Venstre som arrangerer strandrydding. Oppmøte er på Osnessanden.

Den mest prominente strandryddaren er det nok Hareid Høgre og Hareid Venstre som har fått tak i: kulturminister Linda Hofstad Helleland. Ho skal vere med på rydding i strandsona frå Brandal til Kvitneset frå klokka 11.00.

–Ho har bede om å få støvlar i storleik 39, så det skal vi nok fikse, fortel ordførar Andres Riise.

Speidarane i Hareid ventar til tysdag med å rydde området frå Raffelneset til Rolls Royce.

Entusiasme

Strandryddedagen vart etablert i 2011. Det er foreininga Hold Norge Rent som står bak, og i følgje dei er dette landets største ryddedugnad.

Her kan du lese meir om både foreininga og ryddinga. (ekstern lenke)

I Eiksund startar dei klokka 10.00 på laurdag.

–Vi har sett av tid til klokka 18.00, men vi trur vi får gjort mykje viss mange møter, seier Knut Øyvind Myklebust. Han fortel at det er stor entusiasme i bygda, og at også småbåtlaget har oppmoda sine medlemmar om å stille.

I tillegg har både Marine Harvest og Vartdal Plast sponsa bygdelaget med ti tusen kroner kvar.

Linda Hofstad Helleland skal vere med å strandrydding på Branal. Foto: Thomas Haugersveen, statsministerens kontor
Leiar i Eiksund bygdelag Knut Øyvind Myklebust. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll