Torsdagskvelden er det kommunestyremøte i Ulstein. Ei av sakene som skal opp er tomteval for ny brannstasjon i Ulsteinvik. Saka har vore oppe både i teknisk utval og Ulstein formannskap. Dei to utvala har same tilrådinga til komunestyret, men fleire politikarar har undervegs varsla at dei kan skifte meining før saka blir vedteke endeleg i kommunestyret.

Tilrådinga er at kommunen byggjer ny brannstasjon i Holsekerdalen på alternativa 11 eller 13. Dei stiller seg skeptiske til å byggje på alternativet ved Skollebakken, fordi det er eit sentrumsnært areal som kan nyttast til andre føremål.

Etter ønskje frå teknisk utval går saka til kommunestyret.

Ikkje i tråd med fagleg vurdering

Men brannsjef Arne Runar Vik og rådmannen meiner kommunen bør byggje i sentrum, og helst ved Skollebakken. Brannfagleg er det ein stor fordel med kort utrykningstid om det brenn. Dei fleste bur og jobbar i sentrum, då kjem dei seg fort på brannstasjonen og kan rykke ut om alarmen går.

Når det brenn er kvart minutt viktig, har Vik påpeikt. Ordførar Knut Erik Engh har alt varsla at han har snudd i denne saka og vil høyre på brannsjefen.

Så står det att å sjå kva fleirtalet i Ulstein kommunestyre meiner torsdagskvelden.