Det har kome ulsteinordførar Knut Erik Engh for øyret at planarbeidet med gang- og sykkelveg mellom Garneskrysset og Dragsundbrua har stoppa opp på grunn av manglande prioritering av strekninga.

No har han sendt brev til Statens vegvesen Region Midt der han ber dei orientere kvar saka står i dag og kva framdrift dei ser for seg når det gjeld gjennomføring av tiltaket.