I veke 40 (i starten av oktober) startar bygginga av ny ferjekai og oppstillingsareal på Sulesund.

Statens vegvesen bygger kaia på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og Christie & Opsahl AS er valt som hovudentreprenør. Kontrakten har ein samla verdi på 73 millionar kroner. Dette kjem fram i ei pressemelding frå Statens vegvesen tysdag.

Trafikale endringarI veke 40 startar Christie & Opsahl AS sprengingsarbeidet ved den eksisterande parkeringsplassen. Sprenging vil bli utført mellom avgangane. Ferjene vil gå som normalt, men ferjekøa blir flytta og startar før svingen, fortel vegvesenet gjennom pressemeldinga.

Det blir vidare sett opp trafikklys, og køa må vente på grønt lys før dei får køyre om bord i ferja.Parkeringsplassane som nyttast av pendlarane blir ein del av anleggsområdet og blir fjerna. Det blir derfor laga fleire mellombels parkeringsplassar utanfor Sulesundkiosken.

Ny kai på grunn av elektriske ferjerStatens vegvesen oppmodar trafikantane om å vise omsyn til anleggsarbeida og kryssande anleggstrafikk.

Den gamle kaia har bare få år igjen i full drift, og frå 1. januar 2019 skal det settast inn tre nye elektriske ferjer i sambandet. Ein kontrakt som Fjord 1 har fått.

Les også: Fjord 1 tek over Hareid-Sulesund

Den nye kaia er tilrettelagt for elektriske ferjer, og må difor vere på plass før 1. januar 2019.

Det blir ei komplett ny ferjekai med oppstillingsareal, parkering, servicebygg og tekniske bygg.