Tysdag førre veke vart det klart at Kleven Verft skal bygge eit luksusskip for tyske Lüssern. Då vart det ikkje invitert til kakefest for dei tilsette ved verftet. Men i dag, måndag, vart det kakefest - og kunngjering om endå ein kontrakt. Vel og merke ein intensjonsavtale.

- Vi har inngått ein intensjonsavtale med det namibiske offshore diamant-utvinningsselskapet De BNeers Marine Namibia om bygging av eit spesialfartøy for operasjonar på havbotnen, kunne konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven opplyse dei tilsette som var samla i kantina til kakeeting måndag.

Kleven Verft leverte eit diamantskip til same selskapet i juni 2016. Men fartøyet som det no er inngått intensjonsavtale om, er  betydeleg større.

- Eit spesielt prosjekt:

- Det blir heile 176 meter langt, og blir blant dei størtste skipa som Kleven har bygt. Skipet skal etter planen sjøsettast på beddringen her ved verftet, og det blir spennande, sa Rasmussen, og fekk klappsalver frå dei tilsette som svar.

I tida framover kjem både Kleven og Martin Teknikk, til å jobbe intensivt for å få kontrakten i hamn. Rasmussen legg ikkje skjul på at det vil bli eit krevjande oppdrag, men han håper altså at kontrakten skal kunne signerast neste vår.

- Skjer det, kjem vi til å starte arbeidet nokså umiddelbart.

Konsernsjefen ville ikkje røpe prisen på bygget.

- Diamantar er dyrt, og dette er eit stort oppdrag. Men kunden vår vil halde prisen hemmeleg, og det aksepterer vi sjølvsagt, svara han.