Det skriv dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Rune Urke, i ein rapport til Ulstein formannskap.

Anlegget, som skal romme bibliotek, idrettshall, klatrehall og badeanlegg, skal opne laurdag 2. desember.

Tvist med to leverandørar

I rapporten heiter det at eigedomsselskapet er i tvist med to leverandørar.

Den eine er glas-leverandøren, som ifølgje Rune Urke har kome med krav om ekstrabetaling.

- Det kan vi ikkje godkjenne. Vi er i forhandlingar om løysing, skriv Urke.

Han skriv vidare:

- Denne tvisten vil neppe finne si løysing før sluttfaktura ligg føre.

Storleiken på honorar

Den andre tvisten gjeld prosjekteringsgruppa. Her har Ulstein Eigedomsselskap reklamert på storleiken på honorar, skriv Urke.

Vidare har eigedomsselskapet reklamert på prosjekteringsfeil og manglande prosjektering.

- Dette er ei omfattande sak der vi heller ikkje har full oversikt før sluttfaktura er kome, skriv Urke.

Han skriv også at det er kome krav om ekstrabetaling frå fleire av entreprenørane.  Mange av desse krava må sendast vidare til prosjekteringsgruppa, noko som vil kunne verte ein omfattande prosess, står det i rapporten.

Håper å unngå rettssak

Rune Urke meiner det er positivt at det er dialog om problema, og at det er håp om å unngå rettssak.

- Løysing i saka kan ein ikkje rekne med før over nyttår. På noverande tidspunkt er det uklart kva totalkostnaden for prosjektet blir, skriv han.

Ulstein formannskap får orientering om Ulstein Arena førstkomande måndag.