Årleg får om lag 2500 personar i Norge plutseleg og uventa hjartestans utanfor sjukehus. Ifølgje Norsk Resuscitasjonsråd kan mange av desse reddast ved rask og god behandling.

Eit viktig verktøy etter hjartestans er hjartestartarar. I Norge skal det finnast så mange som 30.000 slike, men mange av desse er ikkje registrerte nokon stad. Tidlegare i år vart det lansert eit nasjonalt register over hjartestartarar i offentleg regi. På nettstaden 113.no kan ein sjå dei registrerte hjartestartarane, men registeret er på ingen måte komplett.

Dette registeret blir brukt av Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), slik at dei kan koordinere bruken av tilgjengelege hjartestartarar ved behov.

Vikebladet Vestposten har gått gjennom dei registrerte hjartestartarane i Ulstein kommune og Hareid kommune på 113.no og samanlikna resultatet derfrå med to andre norske hjartestartarregister. Samanlikna med nettstadane norskhjertestarterregister.no og norskehjertestartere.no er det faktisk det offisielle registeret som har færrast treff i våre kommunar.

Norskehjertestartere.no vart starta av Apotek 1 og Røde Kors, i påvente av det nasjonale registeret. På sine nettsider skriv dei at dei er ein samarbeidspartnar med 113.no, men det er likevel skilnad i kva treff ein får på dei ulike sidene.

Til dømes er Ulstein Group registrert med éin hjartestartar på eine sida og fem på ei anna. Frå Ulstein Group får vi stadfesta at fem hjartestartarar er det korrekte talet.

– Avgjerande

Hjå Ambulanse Midt-Norge i Saunesmarka møter vi Georg Aursnes. Han slår fast at det er viktig at tilgjengelege hjartestartarar blir registrert.

– Det er klart ein må vere flinkare på det dersom ein har hjartestartarar som ikkje er registrerte.

Ambulansemedarbeidaren fortel at dei har fleire døme på at hjartestartarar har vore avgjerande i livreddande arbeid.

– Mellom anna på Myklebust verft og på Spenncon i Hjørungavåg. Det er eit avgjerande og veldig viktig verktøy.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om Spenncon, der ein to gongar har opplevd akutt hjartestans, men der raske reaksjonar, hjartestartar og god førstehjelp har vore avgjerande for at det vart ein lukkeleg utgang.

– Som regel er det utrent personell, pårørande eller nokon som finn folk som treng hjelp som ringer inn til AMK. Med ein registrert hjartestartar kan AMK sjå kvar desse er. Ofte kan det gå ei stund før ambulansen kjem fram, det kan ta 20–30 minutt, og då er det avgjerande å få ta i bruk ein hjartestartar på raskt som råd. Og ofte er det bruken av den som reddar liv, fortel Aursnes.

Handlar om å tore

Han legg til at det ikkje er naudsynt å ha opplæring frå tidlegare for å kunne hjelpe til.

– Det er ganske enkelt å bruke, og ein får veldig god rettleiing når ein ringer inn. Dermed treng ein ikkje om å ha sett ein hjartestartar før for å kunne bruke den. Det handlar meir om å tore, og det er vi ganske flinke til i Norge.

Mangelfull registrering

Aursnes oppmodar sterkt om at dei som har hjartestartarar sørgar for at desse er registrert.

– Dersom ein ikkje har gjort registrert dei så bør ein absolutt gjere det. Spesielt på offentlege stadar.

I arbeidet med å gå gjennom kva hjartestartarar som er registrerte har vi mellom anna funne ut at det er hjartestartarar både på Høddvoll, Ulstein vidaregåande skule og i Ulsteinhallen, men at ingen av desse dukkar opp på 113.no. Og dette er ikkje unikt.

– Det er dumt. Dersom det skulle skje noko så må ein ha ein hjartestartar tilgjengeleg for å ha best mogleg sjanse til å lukkast, meiner Georg Aursnes.

Bør registrerast: Georg Aursnes ved Ambulanse Midt-Norge er heilt klar på kor viktig hjartestartarar er i situasjonar der det oppstår hjartestans og oppmodar om å registrere dei. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Nasjonalt register: I april 2017 vart det nasjonale registeret for hjartestartarar i offentleg regi lansert, men det er langt frå alle hjartestartarar som er registrerte der. Skjermdump: 133.no