- Eg hadde eittårskontrakt og Hødd fann ut at dei ville prøve noko nytt, fortel Kragset.

48-åringen frå Søre Brandal i Vanylven har trent Hødd sitt damelag sidan 2012-sesongen.

- Det er slik fotballen er

Kragset fortel at han fekk vite at Hødd ikkje vil fornye kontrakten med han, på eit møte med sportssjef André Nevstad og leiar for Hødd breidde, Per Arve Moldskred, måndag i førre veke.

- Klubben er sjølvsagt i sin fulle rett til å prøve noko nytt, seier Kragset.

Men var det slik at du eigentleg hadde lyst til å halde fram?

- Ein vert alltid litt skuffa, eg hadde allereie tenkt ein del på neste sesong.  Men det er slik fotballen er, seier han.

Spelarane på laget fekk ikkje vite at Kragset ikkje skal trene laget neste år, før måndag denne veka.

- Det var rett og slett fordi vi deltok på ei inneturnering i Volda i helga, vi ville ikkje skape noko uro før turneringa var over, fortel Kragset.

- Ein veldig god prat

Sportsleg leiar i Hødd, André Nevstad, seier han hadde ein veldig god prat med Ole Per Kragset sist veke.

- Vi snakka både om årets sesong og framtida. Ole Per har vore med i mange år, men no kom vi til eit punkt der vi etter ei samla vurdering fann ut at det kan vere greit å gjere ei endring.

Kven skal trene damelaget neste år?

- Vi har nokre namn på blokka, men har ingen konkret på plass enno. Vi håper å få dette på plass i god tid før jul.

Er Jesper Törnqvist eit alternativ?

- Eg vil ikkje kommentere om han er aktuell som trenar for damelaget, men eg kan seie at han heilt sikkert kjem til åha ei sentral rolle også neste år i satsinga vår på jente- og damefotball.

- Ønskjer dei lukke til

Ole Per Kragset fortel at han har fått ein del reaksjonar frå spelarane på laget.

- Mange av spelarane har vore med i mange år. Då eg tok over laget i 2012, var der åtte spelarar. Så på desse seks seongane har vi bygt eit nytt lag, seier han.

Kragset er kontaktlærar i niandeklasse på Myklebust skule. Dei siste seks åra har han teke turen frå Søre Brandal til Ulsteinvik tre-fire gongar i veka, ein tur som tek rundt femti minutt ein veg.

No får du mykje ekstra fritid, kva skal du bruke den til?

- Eg har ingen planar.  Men eg ønskjer laget lukke til og håper at Hødd får inn ein dyktig person på trenarplass, seier Kragset.