Som kjent foreslo rådmannen, mellom mange andre punkt, å løyse opp krinsgrensene og redusere talet på barneskular i kommunen frå fire til tre. Dette som ein del av ein omfattande innsparingsprosess. Eit samrøystes Ulstein formannskap vedtok tysdag å fjerne punktet som omhandla skulestruktur.

– Det er brei semje i formannskapet om at dette er eit punkt som skaper unødig støy, seier ordførar Knut Erik Engh som seier at det er heilt uaktuelt å legge ned skular midt i ein kommunestyreperiode.

– Det kan naturlegvis vere nyttig å sjå på dette punktet også, seier ordføraren som ikkje ser bort ifrå at spørsmålet om nedlegging vil kunne kome fram att ved eit seinare høve. Som i samband med valkampen for kommune- og fylkestingsvalet i 2019.

– Barnetalet bestemmer

– Det er elevtalet som avgjer. Elevtalsprognosane både i Haddal og Eiksund peiker nedover, så her må noko gjerast. Både Eiksund og Haddal er flotte og levande bygder og det er ledige tomter begge stader, understrekar Knut Erik Engh.

Dei andre punkta i omstillingspakken vart godkjent og rådmannen får mynde til å vidareføre og å setje i gang fleire av tiltaka som er foreslått.

– Dette gjeld til dømes samanslåing av flyktningkontoret og kompetansesenteret. eit tiltak som har støtte hos dei involverte partane.

Prosessen kring sluttpakkar, oppseiingar og omplasseringar av tilsette går også vidare, seier ordføraren.

Når det gjeld dei litt meir omfattande tiltaka i omstillingsplanen treng formannskapet litt meir tid på seg for å kome med eit vedtak.

Døme på dette er arealeffektivisering, altså korleis kommunen på ein betre måte kan utnytte eigne lokale framfor å leige. Dette er ein målsetnad, men vi har fleire leigekontraktar vi må forholde oss til. Også når det gjeld saker som omfattar interkommunalt samarbeid er det mange omsyn som må takast, påpeikar Engh.

Dette skal no handsamast i dei einskilde hovudutvala for planen kjem tilbake til formannskapet. Deretter vert det opp til kommunestyret å gjere endeleg vedtak.