Etter at det vart klart at det norske ekteparet May-Britt og Edvard Moser ved NTNU får Nobelprisen i medisin, har lukkeønskingane strøyma inn.

Dyrevernalliansen har følgt ekteparet Moser si forsking o mange år. No finn dei det på sin plass å rette ei kritisk røyst på vegner av forsøksdyra dei har brukt i studiane.

– Mange av eksperimenta deira er særs inngripande overfor forsøksdyra som blir nytta. Forsøk har mellom anna involvert nestendrukning i vass-labyrintar, øydelegging av delar av hjernen på dyra og store implantat i hjernen, hevdar biolog og dagleg leiar i Dyrevernalliansen, Anton Krag.

Rotter liknar på menneske

Dyrevernalliansen viser til at historia er full av forsøk som utan tvil har vore nyttige, men som i ettertid blir fordømt som uetiske.

– Me meiner diverre at dette vil bli skjebnen også for forsøka til Moser. Det er eit paradoks at dyr liknar så mykje på menneske at dei blir brukte som modellar for oss i forsøk, samstundes som dei blir påført store lidingar som det aldri ville blitt akseptert at var påført eit menneske, seier jurist og informasjonsleia Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Stor auke i dyreforsøk

Dyrevernalliansen tok tidlegare i haust opp at det er ein stor auke i dyreforsøk i Noreg.

Noreg brukte i 2013 5,5 millionar forsøksdyr, noko som svarar til 10 dyr i minuttet. Dei fleste forsøksdyra var fisk, men det blir også brukt pattedyr som rottar, mus, kaninar og fleire andre artar.

Om Dyrevernalliansen:

Dyrevernalliansen fremjar alternative metodar som dei meiner er både etisk og vitskapeleg akseptable. Dei arbeider ved hjelp av rettslege og vitskapelege metodar gjennom det offentlege Forsøksdyrutvalet, og ved å påklage løyver til dyreforsøk til Mattilsynet.

Dei har delfinansiert forsking som erstattar smertefulle dyreforsøk i Noreg og internasjonalt, og bidreg til opprettinga av Norecopa, som er eit nasjonalt senter for alternativ til dyreforsøk. Dyrevernalliansen samarbeider med næringslivet for å stanse bruk av dyreforsøk i kosmetisk forsking.