Når Ulstein formannskap er samla til møte i dag vil varaordførar Knut Erik Engh leggje fram eit eige framlegg frå Ulstein Framstegsparti.

Dei viser til rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for perioden og meiner det synlegggjer dei utfordringane som kommunen står ovanfor.

Vil stoppe Arena Ulstein

Partiet meiner det er fornuftig å rentesikre delar av gjelda, setje av meir pengar til fond og ekstraordinær nedbetaling av gjeld. Men dei vil finansiere dette på anna vis. Dei ønskjer ikkje eigedomsskatt. I staden vil dei utsetje å byggje Arena Ulstein. Det vil spare kommunen for store summar. Dei vil umiddelbart stoppe anbodsprosessen for Arena Ulstein.

Frp meiner at nytt kyrkjebygg er eit viktig samfunnsoppdrag, men kommunen kan ikkje løyse denne oppgåva aleine. Ein viktig føresetnad for å gjennomføre prosjektet er å skaffe anna finansiering enn berre kommunalt låneopptak. Soknet bør finansieringa på plass før dei gjennomfører detaljprosjektering og bygging.

Frp reknar med at folkeveksten vil halde fram, og trur kommunen vil få veksttilskot for det.

Les også: Seier nei til eigedomsskatt

Omprioriterer

- Kommunen har investert særs kraftig dei siste åra, men nærmar seg no ferdigstilling av dei fleste store prosjekta. Kommunens samla gjeld er pr i dag om lag 1,3 mrd inkludert Arena Ulstein som enno ikkje er bygd. Dette plasserer kommunen heilt i både fylkestoppen og landstoppen. Dette kan ikkje halde fram, og det er difor nødvendig å stikke fingeren i jorda og konsolidere vår stilling, skriv partiet i sitt framlegg.

Dei ønskjer også å omprioritere middel som er tenkt løyvde til gangveg Støylesvingen - Høddvoll/Ulstein vidaregåande skule.

- Isolert sett eit positivt tiltak, men kommunen bør i første rekke konsertrere seg om å fullføre tiltak som har prioritet i trafikktryggingsplanen. Vi ønskjer å prioritere utbetring av farleg skuleveg for dei minste, noko dette prosjektet ikkje er. Midlane vert difor omprioriterte til regulering og grunnkjøp av gangveg mellom Hasund skule og Kleven verft.

- Frp har vore klokkeklar på at vi er imot innføring av ein slik ekstraskatt vil difor gjere dei naudsynte prioriteringane for å unngå dette.

Styrkar omsorg

Partiet vil styrke omsorgsarbeidet i kommunen, mellom anna med å styrke omsorgsetaten med 1 million kroner i økonomiplanperioden, samt innføre kvardagsrehabilitering, først gjennom eit bidrag på 500.000 i 2015 og deretter ein million kroner dei komande tre åra. Samstundes vil partiet fjerne ein stillingsauke innan oppvekst/kultur, noko som skal spare kommunen for 1 million kroner i året.

Totalt ønskjer Frp å bruke 2 millionar meir enn rådmannen i 2015, 6 millionar meir i 2016. I 2017 og 2018 reknar Frp med å bruke mindre pengar enn rådmannen sitt framlegg.

Les også: Framleis på veg oppover

Ulstein Framstegsparti vil droppe planane om Arena Ulstein, og heller omprioritere pengar til andre ting.