Eiksund Bygdelag har sendt brev til Ulstein kommune om at dei ønskjer at fartsgrensa på vegen gjennom bygda blir sett ned.

I dag er fartsgrensa for gamlevegen i Eiksund 50 km/t. Men mange born og vaksne ferdast på denne vegen, då det ikkje er fortau der. Bygdelaget ønskjer difor at fartsgrensa blir sett ned til 40 km/t.

I morgon, onsdag 25. mars, skal saka opp i teknisk utval. Kommunalsjef teknisk, Arne Runar Vik, rår utvalet til å setje ned fartsgrensa til 40 km/t.

Han argumenterer med at vegen er både ein samleveg og ein tilkomstveg. Vegen har vegkryss til to bustadfelt og til Ødegårdsvegen, i tillegg til mange avkøyringar til privathus. Det har vore ein del nyetableringar i Eiksund, både i Johanmarka og elles i bygda. For at dette skal vere ein trafikktrygg veg for alle trafikantar, vil det vere fornuftig å setje ned fartsgrensa.

Om teknisk utval sluttar seg til framlegget frå kommunalsjefen, vil den nye fartsgrensa gjelde frå det tidspunktet det nye trafikkskiltet kjem opp.