Møre-Nytt skreiv måndag at Ørsta sist veke kunne godkjenne rekneskapen og dermed ta steget ut av Robek-registeret.

Ifølgje avisa var det rein "halleluja-stemning" på kommunestyremøtet torsdag.

Det vil seie at det byrjar å tynnest i rekkjene av kommuner på Sunnmøre som er i Robek. Hareid kommune nærmar seg også ein utgang frå registeret, og kan vere ute av Robek i løpet av 2016. Det er eitt år før planlagt.

Tidlegare i år vart det klart at Volda kommune vart meldt ut av Robek. Når både Hareid og Ørsta er ute av registeret, vil det ikkje vere nokon kommuner frå Søre Sunnmøre på Robek-lista.