Å sitje på kaikanten ein solrik sommardag med ei fiskestang i den eine handa og noko godt å drikke i den andre handa. Å ta med robåten ut på Snipsøyrvatnet og nyte stilllheita med ein oter hengande langs ripa. Eller å stå i Hareidselva med flugefiskestanga på jakt etter pjakk, eller aller helst ein laks.

Om du tek turen ut for å fiske på Hareidlandet i sommar, kan det vere greit å vite kvar ein må ha fiskekort og kvar ein ikkje treng det.

Her må du ha fiskekort

Det er i all hovudsak seks plassar ein treng fiskekort her på øya:

Mosvatnet

Ulsteinelva

Snipsøyrvatnet

Grimstadvatnet

Hareidselva

Kaldholelva

Det er endå ikkje tillatt å fiske i Hammarstøylvatnet, men Hareid Utmarkslag og Ulstein Utmarkslag jobbar med saka.

For å fiske i Fjellsvatnet må ein ha avtale med grunneigar.

Kvar får ein tak i fiskekort?

For fiske i Mosvatnet kan ein ta kontakt med G-Sport Hofseth i Ulstein.

For fiske på Hareid kan ein ta kontakt med Mix-kiosken på Hareid.

For ytterlegare informasjon kan ein gå til Ulstein kommune si heimeside. Der får ein også informasjon om prisar for fiskekort.

Her kan du fiske utan fiskekort

Alv Ottar Folkestad minner om at hovudregelen er at ein må spørje om løyve for å fiske.

– Retten tilhøyrer grunneigarane. Det er ikkje utan vidare lov til å fiske dersom det ikkje er krav om fiskekort, seier han.

Når det er sagt, finst det ein del vatn ein i utgangspunktet kan fiske fritt.

– På Ytre Flø-vatnet har vi ein avtale om fritt fiske, seier Skjalg Pedersen i Ulstein og Hareid Jeger- og fiskarforeining (UHJFF).

– I tillegg har vi aldri hatt noko problem med grunneigarane tradisjonelt sett verken på Brørevatnet, Svartevatnet eller på Løsetvatnet, seier han.

Nettopp på Løsetvatnet er det mykje fisk, ifølge leiar i Hareid Utmarkslag, Kåre Oksavik.

– På Løsetvatnet er det så gode gytemoglegheiter at det blir for mykje, seier han og legg til:

– Dei fleste vatna på øya er overbefolka, så det er berre å fiske!

I tillegg til dette er det sjølvsagt fritt fram for å fiske i sjø.