Mot KrF sine to røyster vedtok Hareid kommunestyre at Grim og Gryt Økobryggeri As får alminneleg salsløyve for øl på bryggeriet sitt på Hareid.

Dei vil selje eigenprodusert øl og eventuelt øl frå andre bryggeri. I utgangspunktet skal dei halde ope ein dag i veka.

Kjersti Røyset Topphol (KrF) meinte det er nok stader å kjøpe øl på Hareid, men fleirtalet ville gje dei to øl-gründerane salsløyve for å få fleire bein å stå på. Grim og Gryt er eit godt tilskot til bygda.