- Vi er veldig glade. Det er eit resultat vi hadde venta, utifrå meininga folket i Hareid og Brandal har gitt uttrykk for, fortel Einar Holm. Saman med Finn Sindre Eliassen, Peter Josvald Brandal og Roger Korsnes var han på plass i kommunestyresalen for å få med seg kva formannskapet kom fram til.

- No er vi svært takksame til fleirtalet som har oppfatta dette. Samstundes er vi skuffa over orføraren som går så imot meininga i folket, seier Holm.

Dei fire fortel at dei trudde ordføraren kom til å droppe saka om Brandal, og stemme for tilrådinga til rådmannen.

Finn Sindre Eliassen fortel at dette er ei sak som har skapt engasjement langt utanfor Brandal, og også utanfor kommunegrensene.

Berre glede

Dei fire var og godt nøgde med at det ikkje ser ut til å verte oppdrettsanlegg i Vartdalsfjorden.

- Ja, det er er flott og fornuftig det også.

Ifølgje dei fire karane har ein no fått oppfylt ynskjet om ei mest mogeleg rein kyststripe og ein rein fjord.

- No får fisken også leve sitt liv, meiner Roger Korsnes.

- I dag er det berre glede, understrekar Holm, Korsnes, Eliassen og Brandal etter det som har vore ein lang kamp for å sleppe oppdrettsanlegg.