– Eg kjem til å fortelje at eg hugsar då idrettshallen og symjebassenget vart bygt for femti år sidan. Anlegget ved barneskulen var teknisk og økonomisk forelda for mange år sidan. Ulstein Arena har eit heilt anna perspektiv, dette skal vare i minst 100 år, seier Urke.

Som dagleg leiar i eigedomsselskapet ser Rune Urke no snart enden på ein tre år lang prosess. Første halvår i 2015 gjekk med til anbod og kontraktsskriving, andre halvår vart brukt til graving. I 2016 var det mykje betongarbeid, og i år har «alt det andre» vorte gjort.

– Vi har grave ut eit heilt kvartal, vi har støypt to dønn solide etasjar. Seks tusen kubikk med betong, eller minst 700 lastebillass med betong, er brukt, fortel Urke.

Eit stort prosjekt

Ulstein Arena inneheld ein idrettshall, eit badeanlegg, ein klatrehall og bibliotek. Opninga vart nokre månader forseinka.

– Det er det største prosjektet eg har leia. Det er det største, dyraste og mest kompliserte prosjektet Ulstein kommune nokon gong har vore borti. Det er snakk om eit areal på ni tusen kvadrat.

Vart det meir jobb enn du hadde tenkt deg?

– Tja. Nei, det er klart at dette var ei stor utfordring, det visste vi. Og vi støytte på nokre krisar, til dømes var det dårleg grunnforhold eit par plassar på tomta. Vi hadde prøveboringar, men at delar av fjellet var skifer med leire innimellom, det kom overraskande, fortel Urke.

Kva var utfordrande med det?

– Den porøse skiferen i kombinasjon med leire, som har evne til både å heve og senke seg, det var problematisk. Og vi mista månader på det, noko som kosta dyrt.

Søv godt

Ulstein Arena skulle i utgangspunktet koste 268 millionar kroner. Den endelege prislappen vert større, men ingen veit sluttsummen.

– Den er ikkje klar før vi har fått sluttrekningnane frå alle entreprenørane. Og så må vi gå nokre rundar med dei som vi ikkje er heilt samde med.

Kor lang tid vil det gå før sluttsummen for prosjektet er klar?

– Slik det ser ut no, kan det fort gå to-tre månader inn i 2018 før alt er avklart, seier Rune Urke.

Søv du godt om natta?

– Det er faktisk mange som spør om akkurat det. Og det gjer eg, eg søv godt. Men det er klart at dette har vore utfordrande, det er eit offentleg byggeprosjekt, media har sine interesser og gatas parlament har eg også møtt.

Kva seier gatas parlament..?

– Folk vil gjerne snakke med meg, og dei meiner og veit gjerne meir enn meg. Det er heilt greitt, det må vi berre takla. Eg var budd på at dette var eit prosjekt med trøkk i.

Men dukkar Ulstein Arena opp i draumane dine om natta?

– Ja, det er gjer det. Eg driv faktisk med mykje problemløysing medan eg søv.

Er det snakk om draumar eller mareritt?

– Det er ikkje mareritt, sjølv om det av og til nærmar seg det. Ofte har eg løysinga klar når eg vaknar om morgonen, ler Urke, og legg til at det også hjelper med ein fjelltur med bikkja på jakt etter småvilt.

Rosar entreprenørane

Tilbake til talen 62-åringen skal halde laurdag. I tillegg til å snakke om at Ulstein Arena er eit solid bygg for framtida, vil Rune Urke rose entreprenørane.

– Fleire lokale firma, som Svein Roppen, Tussa Installasjon og Nordberg, har utan tvil auka kompetansen sin gjennom dette prosjektet.

Har du prøvd badeanlegget?

– Nei. Men eg har tenkt å bruke anlegget ein god del når det er opna.